Vil ha fjerna Farstad-namnet

Sverre Andreas Farstad krev at Farstad-namnet blir fjerna frå SolstadFarstad, det skriv Finansavisen (krev innlogging). Farstad Shipping fusjonerte med Solstad Offshore og Deep Sea Supply i sommar. I går blei det kjent at Farstad trekker seg frå styret i reiarlaget i protest. Det skjer etter at han fleire gonger uttrykte misnøye med resultatet av fusjonen. Blant anna gjeld dette store nedbemanningar ved Farstad sitt tidlegare hovudkontor i Ålesund.