Vil ha felles seremonirom

Biskopen i Møre har tatt initiativ til dialog med Human Etisk forbund om verdige seremonirom for alle. I dag er dette kommunane sitt ansvar, men mange har ikkje tilrettelagde lokale for til dømes gravferder. Biskop Ingeborg Midttømme seier vi skal ha eit livssynsope samfunn der alle skal få utøve si tru og da treng vi seremonirom for alle. Romma kan i utgangspunktet lagast så nøytrale at den enkelte kan få prege det på sin måte, slik at det blir oppfatta respektfullt og verdig, seier biskopen.

Ingeborg Midttømme
Foto: Remi Sagen / NRK