Normal

Vil ha færre og større hamner

Hamnestrukturen bør få ein sentral plass i neste nasjonale transportplan krev Arbeidarparti-politikar.

Skansekaia
Foto: Åge André Breivik / NRK

- Kysten er riksveg nummer 1, den er vedlikehaldsfri. Me kan berre ta den i bruk. Det seier Svein Gjelseth i Arbeidarpartiet. Han støtter utsegna frå Oddmund Oterhals i Møreforsking som vil få meir transport frå vegane over på båtar langs kysten.

For mange hamner

- Det bør byggjast færre og større hamner langs kysten. Det er einaste måten å redusere godstransporten på vegane, seier forskingsleiar Oddmund Oterhals i Møreforsking. 

I dag går mykje av eksporten til Europa sjøvegen, men båtane går tomme tilbake igjen. No bør det utarbeidast ein nasjonal transportplan som også omfattar hamnene, seier Oterhals.

- Noreg er prega av at me har veldig mange hamner. Logistisk sett betyr det mange stopp, og mange omlastingar, fortel Oterhals.

Ikkje berre hamnene 

Han meiner løysinga er å samle lasten i færre hamner. For å få til dette meiner han at Noreg må utarbeide ein nasjonal transportplan som også inkluderer hamner.

Men det er ikkje berre hamnene som må utbetrast og verte meir effektive. Infrastruktur og betre vegar fram til hamnene er vel så viktig for å få til ein effektiv transport som næringslivet vil bruke.

Stortingsrepresentant Svein Gjelseth (Ap).

Stortingsrepresentant Svein Gjelseth har støtte i Soria Moria-erklæringa.

Foto: NRK

Gjelseth  har støtte i regjeringserklæringa frå Soria Moria. Der vert det slått fast at meir godstransport skal bort frå vegane. Kvart døgn går det 1.000 lastebilar gjennom Gudbrandsdalen. Mykje av dette er eksportvarer frå kystfylka. Dette fører til stor belastning på vegnettet og gir store utslepp av klimagassar.

Store investeringar

- Det må vere veg fram til hamna, det må vere ein effektiv hamneterminal og det må vere ein effektiv sjøtransport. Normalt fokuserer me på sjøtransporten, men løysinga ligg i stor grad på landsida, fortel Oddmund Oterhals i Møreforsking.

Han opnar dermed for ein politisk drakamp om kvar desse hamnene bør vere, men uansett kvar politikarane landar er det snakk om store investeringar.

- Det blir ganske store investeringar. Det går på veg, det går på kai, det går på terminalutrusting, det er tunge løft som bør skje ut i frå ein grundig strategi, seier Oterhals.

Bør finne ny løysing

Så langt har det likevel ikkje vore politisk vilje til å ta grep om dette problemet. Då debatten var oppe for nokre år tilbake, valde politikarane å oppretthalde hamnestrukturen slik den er i dag. No må ein ta grep, ifølgje Svein Gjelseth.

- Det meiner eg me absolutt må gjere noko med. Ein bør ikkje lande på same løysing ein gong til, meiner Gjelseth.

Utfordrar skipsindustrien

I dag går mange båtar tomme tilbake til Norge etter at dei har levert varer i Europa. Hustad Marmor i Fræna lagar marmor-slusj som dei sender i tankbåtar til papirindustrien verda rundt. Viss desse båtane kunne tatt med containarar med varer tilbake ville det vere til stor fordel for både økonomien og miljøet.

Her ligg det ei stor utfordring for skipsinudstren i å utvikle nye løysingar.

- Dei er både kompetente og kapable, og har i nokre år no hatt 80 prosent fokus på offshore service, men bør i neste omgang bruke meir tid og ressursar på eit anna udekt område som dei er godt skodde for å handtere, fortel Oterhals.