Hopp til innhold

Vil ha eitt politidistrikt

Møre og Romsdal bør utgjere eitt framtidig politidistrikt saman med Nordfjord, foreslår stortingsrepresentant Oskar Grimstad frå Frp. Eit regjeringsoppnemnt utval foreslår å redusere talet på politidistrikt frå 27 til seks, men Grimstad trur ikkje det blir aktuelt. Jenny Klinge frå Senterpartiet, som sit i justiskomiteen, vil ha eitt politidistrikt per fylke.