Hopp til innhold

Vil ha ei anna løysing for Havila

Fleire obligasjonseigarar i Havila er misfornøgde med løysinga som leiinga i selskapet presenterte i går.

Havila Subsea 7 ved kai

Eit mindretal av obligasjonseigarane i Havila ønskjer ei anna løysing enn det Havila presenterte i går.

Foto: Frode Berg / NRK

Det går fram i ei børsmelding torsdag. Obligasjonseigarane har no sendt inn eigne forslag, og ønskjer eit obligasjonseigarmøte.

Havila Shipping held derimot fast på sitt forslag, som dei treng to-tredels fleirtal for, og vil halde eit avgjerande møte som planlagt den 23. november.

I børsmeldinga skriv Havila at dei ikkje trur forslaget til obligasjonseigarane får støtte ettersom obligasjonseigargruppa ikkje har opplyst at dei har ny eigenkapital.

Handlingsrom til november 2020

Onsdag la Havila Shipping i Herøy fram ein plan for finansiell restrukturering av selskapet som skulle sikre dei eit finansielt handlingsrom til november 2020.

Sola skinner på Havila

Havila presenterte onsdag ein plan for å sikre selskapet fram til 2020.

Foto: Arne Flatin / NRK

Havila skulle i utgangspunktet betale 3,2 milliardar kroner i avdrag i 2017-2019, men dette er no endra til minimum 67 millionar kroner i faste avdrag. Den renteberande gjelda blir også redusert med 1,6 milliardar ved at skip skal seljast, og at det blir sett inn ny eigenkapital.

Havila har invitert obligasjonseigarane til eit møte 23. november, der det blir klart om dei vil gå med på denne planen. Selskapet har ikkje fått godkjent planane på førehand, men meiner det er det einaste realistiske alternativet for å få til ei løysing som også bankane vil vere villig til å gå med på.

Dersom obligasjonseigarane går med på planen, blir det kalla inn til ei ekstraordinær generalforsamling. Der må det gjerast ein kraftig reduksjon i verdien på aksjane og gjelda til selskapet må blir gjort om til eigenkapital. I tillegg må Havila Holding, som er eigd av Sævik familien, inn med meir pengar og skrive ut nye aksjar.