Hopp til innhold

Vil ha e-val som permanent ordning

- Ungdomen var fornøgde med val via PC, seier leiar Elisabeth Berge i ungdomsrådet i Ålesund.

Elektronisk stemmegivning

VIL HA VIDAREFØRING: Fleire stemte på førehand når ein i Ålesund hadde moglegheit til å stemme elektronisk.

Foto: Ina- Kristin Lindin / NRK

Elisabeth Berge

- BØR VIDAREFØRE: Det meiner Elisabeth Berge i ungdomsrådet i Ålesund.

Foto: Trond Vestre / NRK
Tore Hals

- POSITIVT: Ordninga må ikkje avvisast

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

72 prosent av dei som førehandsstemte i Ålesund gjorde dette via sin eigen PC. Under kommune- og fylkestingsvalet i år gjekk eit prøveprosjekt i ti kommunar her i landet der ein prøvde elektronisk val.

- Med dei tilbakemeldingane me har fått, om korleis folk har opplevd dette, så føler eg absolutt at dette er noko ein bør vidareføre, seier Berge.

Spent på evalueringa

Prøveordninga er fyrste steg på vegen. No skal prøveordninga evaluerast, før Stortinget skal avgjere om det blir vanleg med elektronisk stemming.

- Dette er så pass positivt at me bør ikkje avvise det i første omgang, seier bysekretær Tore Hals i Ålesund kommune.

Som ein av ti kommunar i prøveordninga fekk Ålesund ein auke i førahandsstemming før årets val. No er bysekretæren spent på den komande evalueringa.

- Eg er spent på den, for å finne ut kva veljarane sjølve syns, seier han.

Trur dei unge vart påverka

Sjølv om Ålesund fekk fleire førehandsstemmer, ligg framleis valdeltakinga på under 60 prosent. Likevel meiner ungdomsrådsleiar Elisabeth Berge at elektronisk stemming påverka dei unge si deltaking.

- Eg har mange vener som sa at med trening, jobb og skule, så var det veldig positivt å kunne ta opp PCen og stemme, seier ho.