Hopp til innhold

Vil ha dugnad for kyrkjebygg

I Ulsteinvik ønskjer dei ny kyrkje. Teikningar og planar er klare, men ei gjeldstung kommune gjer at prosessen truleg kjem til å gå sakte. Difor har Fellesrådet no utfordra folk til å bidra i ein innsamlingsaksjon.

I Ulstein sokn vil dei samle inn 30 millionar kroner frå folk i løpet av dei neste 10 åra for å avlaste den kommunale økonomien i samband med bygging av ny kyrkje.

Skisse frå Snøhetta.

Til dette arbeidet er Magne Grimstad frå Osberget AS hyra inn som konsulent i nokre månader. Det betyr også at den rutinerte kommunepolitikaren frå Arbeidarpartiet med vilje har spelt seg utover sidelinja i den vidare politiske behandlinga av ny kyrkje i Ulsteinvik.

Magne Grimstad

Magne Grimstad frå Osberget AS er hyra inn som betalt konsulent for innsamlingsaksjonen

Foto: Arne Flatin / NRK

Grimstad seier at han ønskjer å vere kyrkjebyggar og han vil bidra ved å skape engasjement rundt innsamlinga.

Ulstein sokn vil samle inn tre millionar kroner årleg dei neste 10 åra. Dermed må dei ha ein heil del folk som vil bidra.

Det nye kyrkjekonseptet er teikna av Snøhetta, og prislappen kjem truleg til å ligge på knapt 100 millionar kroner.

Bygget skal ligge nær den noverande trekyrkja, som framleis skal brukast. I dag leiger Ulstein sokn lokale fleire stader i kommunen. Med den nye arbeidskyrkja vil alt kunne samlast under eitt tak.

Viktig engasjement

Sokneprest Margit Lovise Holte meiner det er viktig at folk engasjerer seg i den nye kyrkja, og at ein slik innsamlingsaksjon kan vere ein måte å gjere det på. Då dei bygde den gamle kyrkja på 1800-talet var det bønder som bidrog. I 2016 er kanskje ikkje kyrkja like viktig for det breie lag av folket, men likevel er det mange som allereie har sagt dei vil bidra.

Margit Lovise Holte

Margit Lovise Holte, sokneprest i Ulstein

Foto: Arne Flatin / NRK

Ulstein sokn håper bygginga kan starte allereie neste år, og at den nye arbeidskyrkja kan stå ferdig alt i 2019.

Magne Grimstad seier at Ulstein kommune med dette bygget vil vere meir komplett som by. Det har vore ei enorm utbygging i sentrum dei siste åra, og det aller nyaste, Ulstein Arena er ferdig om knapt eitt år.

Den nye kyrkja vil stette mange behov. Hugs at den gamle kyrkja langt frå er tilpassa behova som er i dag. Gamlekyrkja vart bygd ute på Ulstein i 1849, og seinare flytta inn til sentrum. Den nye kyrkja skal stå i 100 nye år, meiner Grimstad og Holte.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL