Vil ha byggestart i 2018

Samferdselsutvalet vil ha byggestart for Nordøyvegen i 2018. Det kom fram under samferdselsmøtet i dag der forslaget blei samrøystes vedtatt. – Dette er ein milepæl for Møre og Romsdal, seier Frank Sve (Frp). Der vedtok utvalet også at det førebuande arbeidet skal starte alt i 2017. Men forslaget må også godkjennast av fylkestinget før det blir endeleg vedtatt.

Frank Sve (FrP) i samferdselsutvalet
Foto: Gunnar Sandvik/NRK