Hopp til innhold

Vil ha bru- og sykkelveg

Fylkespolitikar Bjarne Kvalsvik frå uavhengig liste for Sunnmøre meiner det er lite fornuftig at ein ikkje har lagt inn gang- og sykkelveg når Jensholmbrua skal erstattast i Herøy. Brua er ikkje lang, men med tanke på trafikksikring burde dette ha vore gjort, meiner Kvalsvik. – Eg har tatt det opp i Herøy kommunestyre som samrøystes har kravd at det blir bygd ein gang- og sykkelveg når brua blir fornya, seier Kvalsvik.

Bjarne Kvalsvik
Foto: Einar Orten Trovåg / NRK