Hopp til innhold

Etterlyser betre koordinering

– Arbeidet med kommunesamanslåing burde vere betre koordinert mellom nabofylka. Det meiner ordførar Ottar Nygård i Selje. Kommunane Selje, Vågsøy og Vanylven har møttest for å drøfte ei eventuell samanslåing. Nygård meiner manglande samkøyring gjer arbeidet unødvendig krevjande.

Nygård og rapport

Ordførar i Selje, Ottar Nygård frå Tverrpolitisk liste

Foto: Arne Stubhaug / NRK

I desse dagar jobbar kommunar over heile landet med å teikne forslag til nye grenser og ny kommunestruktur. Nygård meiner dette arbeidet hadde vore lettare dersom samarbeidet over fylkesgrensene hadde vore tettare.

Dette opplevast særleg problematisk for oss som ligg ved ei fylkesgrense, seier Nygård.

I Sogn og Fjordane har fylkesmannen gitt kommunane frist til 31. januar 2015 til å gjere geografiske retningsval. Denne fristen gjeld ikkje for kommunar i Møre og Romsdal.

Håper fristen blir fjerna

Ottar Jan Løvoll

Varaordførar i Vanylven, Ottar Jan Løvoll frå Arbeidarpartiet.

Foto: Trond Vestre / NRK

Nygård får støtte frå andre sida av fylkesgrensa. Varaordførar i Vanylven Ottar Jan Løvoll seier han er overraska over at fylkesmennene ikkje har like fristar.

– Eg vil seie at det er problematisk at kommunar som driv sonderingar med kvarandre, men som ligg på kvar si side av fylkesgrensa, ikkje skal ha like fristar og like løp, seier Løvoll.

Nygård meiner fristen er til så stor ulempe at han håper fylkesmannen fjernar den snarast råd. Han meiner den har liten verdi.

– Det er ein veldig kort frist og ein veldig stressande frist. Dermed har denne liten verdi og det blir nærmast eit spel for galleriet for å kome i hamn.