Hopp til innhold

Vil ha berre elleve lensmannskontor

Politimeister Ingar Bøen vil halvere talet på lensmannsdistrikt. Han vil ha kontor berre i Vanylven, Ulstein/Herøy, Volda/Ørsta, Haram, Sykkylven, Vestnes, Rauma, Eide/Fræna, Sunndal, Aure og Surnadal.

Ingar Bøen

Politimeister Ingar Bøen slapp katta ut av sekken fredag.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Det går mot store endringar i lensmannsstrukturen i Møre og Romsdal.

Politimeister Ingar Bøen kom fredag klokka tolv med sitt framlegg til ny struktur for tenestestader i Møre og Romsdal.

Bøen følgjer i stor grad konklusjonane frå ei intern arbeidsgruppe i politiet. Gruppa ville ha tre politistasjonar og ni lensmannskontor.

Men politimeister Ingar Bøen ønskjer også kontor i Eide/Fræna og på Vestnes.

Sykkylven lensmannskontor

Det kan bli store endringar i lensmannsstrukturen i Møre og Romsdal. Men kontoret i Sykkylven kan kome til å bestå.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

Til NRK Møre og Romsdal seier Bøen at han registrerer at mange er usamde i politreforma.

– Men ser ein på innhaldet, så er det heilt klart at dette er ei nærpolitireform. Vi legg ned kontor med korte opningstider og få tenester. Dei har eigentleg gitt eit ganske dårleg tilbod til folket. No kjem politiet nærare folk, og er meir ute der dei treng oss.

– Forventar du positive innspel i høyringsrunden no?

– Ja. Eg håper det kjem forslag som er med på å gjere politiet endå betre.

Politimeisteren ønskjer å flytte kontorstad for det nye Nordre Sunnmøre lensmannsdistrikt frå Ørskog til Haram.

Samtidig vil han flytte kontoret i Ulstein til Myrvåg-området i Indre Herøy når husleigekontrakten går ut.

Framlegget frå politimeisteren vart fredag sendt ut på høyring til alle kommunane i Møre og Romsdal.

– Det vart litt for tynt

– Eg kan i all hovudsak slutte meg til det framlegget som arbeidsgruppa kom med, Men eg kjende det slik at polititilbodet vart litt for tynt i nokre folkerike område. Det er bakgrunnen for dei endringane eg har gjort, seier politimeisteren.

Slik ser lensmannskontorene ut per sept 2016.

Slik har lensmannskontora vore organiserte fram til no.

Foto: Politiet

Nye arbeidsmåtar

– Nye måtar å arbeide på vil vege opp for dei lokale ulempene ved å slå saman nokre av lensmannskontora. Ein del av poenget med nærpolitireforma er at vi skal legge opp arbeidet på nye måtar, seier politimeister Ingar Bøen.

– Meir ute på hjul

– Vi skal vere meir ute på hjul, gjere meir av etterforskingsarbeidet på staden og korte ned saksbehandlingstida. Samstundes skal vi profesjonalisere samarbeidet med kommunane gjennom politiråd og eigne politikontaktar for å målrette det førebyggande arbeidet lokalt, seier Bøen.

Politimeisteren sitt forslag skal ut på høyring i kommunane. I midten av desember skal han sende det vidare til Politidirektøren. Dei avgjer den nye strukturen. Endringane er venta å bli sett i kraft seint på våren eller tidleg på sommaren neste år.