Hopp til innhold

Vil ha båtskyss frå tysdag

Dersom Sunndalsordførar Tove Lise Torve får det som ho vil blir det båtskyss forbi Oppdølsstranda frå tysdag morgon.

Båtskyss til Sunndal

BÅTSKYSS: Sunndal kommune vil ha på plass skyss med båt forbi Oppdølsstranda frå tysdag.

Foto: Åge Andre Breivik / NRK

- Vi har den båten som gjekk her i fjor klar, seier Torve. No håper ho å få setje den båten i trafikk forbi rasstaden frå tysdag morgon.

Båten er den same som gjekk på strekninga etter raset i august i fjor.

- Den blir eit tilbod fyrst og fremst til skuleungane, men også til andre innbyggjarar, seier ho.

No er det mellom anna økonomiske rammer rundt båtskyssen som må avklarast. I tillegg skal ein finne ein båt som er god på vatnet og har nok tryggingstiltak.

Ras på Oppdølsstranda 05.06.09

STORE BLOKKER: Om lag 2000 kubikkmeter med stein losna frå nesten 250 meter oppe i skråninga. Ein del av blokkene ligg att i køyrebanen.

Foto: Eindride Ulstein Gravem

Fredag gjekk det eit 30 meter breidt ras på strekninga, då nesten 2000 kubikkmeter med stein losna frå om lag 250 meter over vegbanen.

Må ta buss måndag

Kommunen ynskjer å ha denne skyssen på plass så fort som råd. Måndag skal dei møte fylkesordføraren, samferdselssjefen og ein representant for fylkesmannen for å klart dette.

- Det er sjølvsagt fyrst og fremst eit økonomisk spørsmål. Me i Sunndal kommune har ikkje økonomi til å kunne koste dette aleine, så me må ha med nokon på laget, seier ordføraren.

Dermed må foreldre som har born i skulen i kommunen sende borna sine i buss gjennom den rasfarlege strekninga måndag. Men Torve er ikkje sikker på at alle vil gjer det.

Tove Lise Torve

BEKYMRA ORDFØRAR: - Eg vil ikkje kalle strekninga trygg, seier Sunndalsordførar Tove Lise Torve. Her frå folkemøtet etter raset i august i fjor.

Foto: Åge André Breivik / NRK

- Eg veit at ein del foreldre har sagt at dei ikkje vil sende ungane sine på skulen fordi dei er redde for å køyre stranda. Men enkelte vil det, seier ho.

Ho vil ikkje seie det er trygt å køyre gjennom stranda, trass i at Statens Vegvesen opna ei køyrebane fredag ettermiddag.

- Med hjartet i halsen

- Eg har stor forståing for dei som ikkje har lyst å køyre Oppdølsstranda. Vegvesenet har sagt at det er den mest rasfarlege strekninga i Midt-Noreg. Å seie at det er trygt vil eg ikkje vere med på. Det beste ville vore om denne tunnelen var på plass i går, seier ho.

Sjølv kjenner ho seg heller ikkje trygg når ho må køyre riksveg 70 gjennom det rasfarlege området.

- Nei, det gjer eg ikkje. Eg køyrer med hjartet i halsen, seier ho.

- Eg høyrer mange som køyrer som tullingar for å kome seg gjennom, og som har hjartet i halsen, til andre som er på gråten, og enkelte som rett og slett ikkje vil køyre strekninga, fortel Torve.