Hopp til innhold

Vil ha avklaring om rehabilitering

Det må ryddast opp i ansvaret for rehabiliteringspasientane i framtida. 

Det meiner stortingsrepresentant Jenny Klinge frå Senterpartiet. Ho vil vite om det er kommunane eller helseføretaket som har ansvaret.

I løpet av året skal styret i Helse Møre og Romsdal avklare kva som skal skje med Aure rehabliteringssenter og Mork senter i Volda.

Klinge ber om at det ikkje blir gjort eit forhasta vedtak og at helseføretaket og kommunane inngår eit tett samarbeid.