Hopp til innhold

Vil ha Aure til Trøndelag

Ordførar i Aure, Ingunn Golmen, fekk i ettermiddag overlevert 335 underskrifter frå innbyggarar som meiner Aure må bli ein del av Trøndelag.

– Alle på lista krev at Aure skal forlate Møre og Romsdal, seier Olve Utne i aksjonskomiteen.

Han sa også at dei krev at Aure følgjer Halsa og Rindal over til Trøndelag uansett kva andre kommunar på Nordmøre måtte gjere.

Aure til Trøndelag
Foto: Roar Strøm / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL