Hopp til innhold

No skal det bli berre nye ferjer

Frå og med 2019 får ikkje fergeselskapa lov å søke på anbod dersom dei vil bruke gamle ferjer.

ferge

Samferdselsutvalet i Møre og Romsdal vil at dei nye ferjeanboda for 2019 skal gjelde nye ferje.

Foto: alf-jørgen tyssing / NRK

Eit samrøystes samferdselsutval har i dag bestemt at alle ferjeanboda frå 2019 skal omfatte berre nye ferjer. Dette betyr at dei selskpa som får abodet på drift av ferjestrekningar i Møre og Romsdal vert tvungen til å skaffe nye moderne ferjer.

Mange av ferjene som i dag går i trafikk i Møre og Romsdal er gamle. Dei to store ferjeselskapa i regionen har saman rundt 40 ferjer som er bygd før 1980. Maritim foreining for Søre Sunnmøre har tidlegare sagt at Møre og Romsdal har blitt dumpingplass for gamle ferjer og har bedd samferdslepolitikarane om å kome på banen.

Samferdselsutvalet i Møre og Romsdal hadde i dag ein gjennomgang av dei ferjene som skal ut på anbod i 2019, noko som i hovudsak gjeld dei fleste ferjesambanda i Møre og Romsdal.

– Vi vil krevje at dei nye anboda som ver lyst ut gjeld bygging av nye ferje med lengre nedskrivingstid og ny miljøvennleg teknologi der det er mogleg. Dette forslaget fekk vi samrøystes tilslutning om, seier Frank Sve, Frp sin gruppeleiar i fylkestinget.

Positivt for den maritime næringa

Sve meiner det er nødvendig at fylket får nye ferjer og at dagens ferjer rett og slett er for dårlege.

Frank Sve

Frank Sve har stor tru på at dei no kan realisere planane om nye anbodsreglar for ferjer i Møre og Romsdal.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Det har vore veldig mykje trøbbel med desse ferjene i lang tid. Ferjematerialet er gamalt og det er behov for nye ferjer, seier han.

Sve trur også at dette kan vere med på å skape tilførsel av fleire arbeidsoppdrag til den maritime næringa.

– Det er behov for nye oppdrag i den maritime sektoren. Dei nye ferjene blir sjølvsagt på anbod, men dette er ei god tidsperiode for å lyse ut bygging av nye ferjer, seier han.

Ei nødvendigheit

Dersom alt går som planlagt vil det bety at anboda for 2019 vil gjelde bygging av nye ferjer ikkje berre anbod på dei gamle ferjene slik som det har vore før.

– Det vil sjølvsagt koste ein del, men det er ikkje sikkert det blir så stor forskjell økonomisk sett. Det som er viktig er at vi får eit mykje betre tenestetilbod til innbyggarane og ikkje minst større og betre ferjer, seier Sve.

Det er samferdselsutvalet som har ansvaret for anbodsprosessane, medan det er fylkestinget som må ta seg av kostnadar og økonomien knytt til dette. Sve føler seg trygg på at forslaget vil bli godkjent også av fylkestinget i Møre og Romsdal. Han meiner den nye anbodsordninga er ei nødvendigheit.

– Eg trur det blir eit stort løft for Møre og Romsdal både når det gjeld samferdsel og næringslivet. Det har vore mykje trøbbel og gamalt materiell, og dette er eit ansvar og ein kostnad som fylkestinget berre må ta, seier han.