NRK Meny
Normal

– Må få kortare reisetid til Kristiansund

Ein draum om kortare reisetid og ein døgnope forbindelse med regionsenteret. Det er årsaka til at smølaordførar Roger Osen no ber om ei konsekvensutgreiing for Talgsjøprosjektet.

Talgsjøprosjektet

Ein undersjøisk tunnel frå Kvernberget kan bli alternativet til ferjesambandet mellom Seivika og Tømmervåg. Men det kan bli bruløysing frå den nordaustlege delen av Nordlandet.

Foto: Nordre Nordmøre Bru- og tunnelselskap

– Tida er inne for å arbeide fram ein døgnopen forbindelse mellom Smøla og Aure på Nordre Nordmøre og regionsenteret Kristiansund.

Det seier smølaordførar Roger Osen som er styreleiar i Nordre Nordmøre Bru- og Tunnelselskap. Selskapet vart stifta i 2007 og er eit samarbeid mellom kommunane Aure, Kristiansund og Smøla.

– I desse dagar er vi i ferd med å teikne kontrakt med eit selskap som skal gjere ei konsekvensutgreiing for prosjektet, fortel han.

Mogleg bruløysing

Selskapet har bestilt ei konsekvensutgreiing for ein forbindelse mellom Kristiansund og Aure. Forbindelsen er meint å erstatte ferja mellom Seivika og Tømmervåg.

Roger Osen

Smølaordførar Roger Osen er styreleiar i Nordre Nordmøre Bru- og Tunnelselskap.

Foto: Trond Vestre / NRK

Det har tidlegare blitt greia ut for ein underjordisk tunnel mellom Kvernberget på Nordlandet og til Tustna. Tunnelen må gå i ein halvsirkel for å sikre grunt nok vatn. Denne gongen vil ein også sjå på moglegheitene for ei eventuell bruløysing.

– No kallar vi det eit talgsjøprosjekt for vi vil ikkje låse oss fast til tunnelalternativet. Det kan hende at teknologien er der at vi kan gå over vatnet også, seier Osen.

Han legg til at ei bru nok vil nok verte dyrare, men at dei likevel sjå på alle alternativ.

Eit døgnope samband

Dersom Talgsjøprosjektet vert realisert, vil dei reisande kunne spare 10–12 minutt på reisetida til og fråregionssenteret Kristiansund.

Det viktigaste, ifølgje Osen, er likevel å få eit døgnope samband.

– Det er oppunder 6000 innbyggjarar som er avhengige av veg og to ferjer for å kome inn til regionsenteret. Vi skal realisere Talgsjøprosjektet for å kome nærare regionsenteret, seier smølaordføraren.

Utgreiinga skal vere ferdig 1. november.