Hopp til innhold

Vil greie ut om Trøndelags-søknad

Formannskapet i Kristiansund har samrøystes vedteke å tilrå ei utgreiing om å gå inn i Trøndelag, skriv tk.no. Det skal bli sett ned eit politisk utval med ansvar for dette, som skal samordne prosessen med Aure og Smøla. Målet er å legge fram ei folkerøysting om grensejusteringar. – Veldig positivt med brei semje i fellesskap med Aure og Smøla, seier Stig Anders Ohrvik i Nordmørslista til avisa.

Stig Anders Ohrvik
Foto: Trond Vestre / NRK