Hopp til innhold

Vil gjere kjekjøt attraktivt

Marknaden for kjekjøt må bli større her i landet – og etterspurnaden må opp, det meiner geitebøndene i Møre og Romsdal.

Geitebønder1

Geitebønder i Møre og Romsdal meiner at marknaden for kjekjøt må bli større her i landet.

Foto: Ragnhild Moen Holø / NRK

I dag blir mellom 20 og 30 prosent av alle geitekje avliva rett etter fødselen, fordi det ikkje er bruk for dei, verken til reproduksjon eller mat. Bøndene som produserer geitemjølk har rett og slett ikkje råd til å ta vare på kjebukkane.

Leiar i Møre og Romsdal sau og geit, Odd Bjarne Bjørdal, seier bøndene ønskjer å gjere framfôring av geite-kje meir lønsamt.

– Småfe- og geitebøndene har eit ønske om at kjekjøt skal verte ei attraktiv vare og eit eksotisk produkt, seier han.

Marknadsføring

Få nordmenn er vande med å bruke kjekjøtt i matlaginga. Etterspurnaden er difor liten, og det betaler seg ikkje å sende dyra til slakt.

Odd Bjarne Bjørdal

Leiar i Møre og Romsdal sau og geit, Odd Bjarne Bjørdal, vil gjere kjekjøt attraktivt.

Foto: Knut Hustad

Bjørdal meiner det må meir og betre marknadsføring til for å få opp interessa rundt kjekjøt.

– Vi må marknadsføre produkta på ein god måte, men vi må også få varene ut i butikkane, og då er det butikkane eller kjedene som må spørje etter varene, seier han.

– I tillegg må vi jobbe målretta med å skape produkt som kan vere salbare i framtida, held han fram.

Gamle fordommar

Mange av bøndene syntest det er frustrerande å måtte kaste det dei ser kan nyttast til mat. Bjørdal meiner forbrukarane må få opp auga for produkta, men trur at enkelte fordommar kanskje må overvinnast for at det skal vere mogleg.

– Frå gammalt av vart geita kanskje sett på som fattigmannskyr, og den var ikkje like ettertrakta, seier han.

Bonden meiner likevel at det finst ingen grunn til å ha fordommar mot kjekjøtet.

– Det er eit veldig godt kjøt og vi håpar at fleire kan få opp auga for det, seier Bjørdal.

– Det vi som bønder ønskjer er å kunne produsere ei vare som blir nytta til mat og som blir sett pris på, held han fram.