Vil gjere det billigare å fly

Det har blitt for dyrt å fly på det norske kortbanenettet, meiner Sp som vil sette av pengar for å gjere det billigare. Mellom anna flypassasjeravgifta som blei innført i 2016 har gjort flyging dyrare. No vil partiet bruke over 270 millionar på å gjere det billigare å fly i Nord-Noreg og på vestlandet.