NRK Meny
Normal

Vil gjere byane betre

Fylkeskommunen vil opprette eit byutviklingsfond for å styrke bysentera og Kristiansund, Molde og Ålesund.

Aidaluna

Vakker natur hjelper på, men det er ikkje alfa-omega for vellukka byar i Møre og Romsdal, meiner regional- og næringssjefen i fylkeskommunen.

Foto: Jon Helge Indbjør

At det er nettopp er utviklinga av Kristiansund, Molde og Ålesund som kan få stønad, har ein samanheng med at tilflyttinga og arbeidsmarknaden er best i desse tre byane. Det meiner Bergljot Landstad som er regional- og næringssjef i fylkeskommunen.

Liv og røre

Ifølgje Landstad er det først og fremst er to hovudfaktorar som sikrar byutvikling.

– Eit større fagmiljø med ein meir mangfaldig arbeidsmarknad og meir liv i sentrum trengst for å utvikle attraktive byar.

Eit av hovudmåla i prosjekta er å skape fleire arbeidsplassar, møteplassar og opplevingar i byane.

– Når ein kjem til ein by er ein oppteken av at det har eit kulturtilbod og alle dei tilboda som ein spør etter i regionen, seier Landstad.

100 millionar

Temaet skal opp i eit fylkesutvalsmøte den 23. september, og håpet er å få tilslag på 100 millionar kroner til fondet. Den endelege avgjersla blir konkret knytt til økonomiplanen som skal opp til fylkestinget i desember.