Hopp til innhold

Vil gjere alle skulane dysleksivenlege

BRATTVÅG (NRK): Over heile landet slit skuleelevar med lese- og skriveundervisninga. Berre 37 skular er sertifiserte som dysleksivenlege. Men i Haram på Sunnmøre skal alle skulane bli dysleksivenlege.

Dysleksi

Bokstavane stokkar seg og det er vanskeleg å skape ord og setningar. Slik er det for mange dyslektikarar.

Foto: Scanpix / SCANPIX

Laurdag fortalde NRK historia om Fredrik Husøy Lie. Han møtte veggen då han byrja på skule og skulle lære å lese og skrive. Han seier at ingen forsto han og han fekk lite kvalifisert hjelp til å takle dysleksien.

– Alle bør bli dysleksivenlege

Organisasjonen Dysleksi Norge meiner at alle norske skular bør bli sertifiserte som dysleksivenlege skular. Dit er det langt opp og fram. Få andre kommunar har gjort som Haram. Dei vil gjere alle skulane i kommunen dysleksivenlege.

Bente Emma Austnes

Bente Emma Austnes er ein av pådrivarane i prosjektet med å gjere skulane i Haram dysleksivenlege.

Foto: Terje Reite / NRK

– No har vi etablert eit samarbeid mellom alle skulane. Vi har oppretta leselærarar på alle skulane og vi er i ferd med å koordinere arbeidet, seier Bente Emma Austnes.

Haram i fremste rekkje

Rundt om i Noreg har etter kvart fleire einskildskular kvalifisert seg til å godkjende som «dysleksivenleg skule». Først ut var Sjøstrand barneskole i Kristiansand. I desember 2016 er talet kome opp i 37 skular, med Holmlia ungdomsskole i Oslo, Oserød barneskole på Nøtterøy i Vestfold og Løkenåsen ungdomsskole i Lørenskog i Akershus som dei tre nyaste.

Lørenskog og etter kvart Haram ser ut til å bli kommunane med flest dysleksivenlege skular i landet.

Overlevde budsjettbehandlinga

I Haram har skulane no har gjennomført møte med foreldra og har lagt opp til ein felles strategi. Det var Ewa Hildre (H) som tok saka opp i kommunestyret.

Og midten av desember blei vedtaket samrøystes stadfesta av kommunepolitikarane under budsjettbehandlinga.

Ewa Hildre

Ewa Hildre representerer Høgre i kommunestyret i Haram.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Vi fekk putta inn pengar til prosjektet på budsjettet. For vi vil at alle skulane i kommunen skal kunne tilby dette. Så første halvår i 2017 blir lærarane sende på kurs, seier Ewa Hildre.

Budsjettvedtaket i Haram var samrøystes.

– Dette er ei investering, ikkje minst når ein tenkjer på kor dyrt det eigentleg å følgje opp elevar som ikkje meistrar det dei skal. Her er det snakk om at alle elevane skal få ein betre skulekvardag, seier Ewa Hildre.

Ho legg til at vedtaket i Haram kom etter eit foreldreinitiativ, og at ho også byggjer på erfaringar frå si eiga familie.

– Foreldre skjønar ofte tidleg at noko må gjerast. Og når det gjeld dysleksi er tidleg innsats svært viktig, seier ho.

– Godt i gang

Då vedtaket frå kommunestyret kom var fleire skular i kommunen allereie i gang med språkopplæring som samsvarte god med det som ligg i prosjektet dysleksivenleg skule.

– Vedtaket i kommunestyret blei godt motteke. Eg var i alle fall godt fornøgd. Dette stemmer svært godt med dei planane kommunen har for leseopplæringa. Vi hadde alt før vedtaket arbeidd med å få opp lesenivået og leseopplæringa, seier Bente Emma Austnes.

Lærarane legg vekt på at ein dysleksivenleg skule skal vere ein god skule for alle elevane.

– Det handlar om å sjå alle elevane. Og det er ei ganske stor gruppe som slit med dysleksi. Det er viktig å løfte fram desse elevane, seier Austnes.

Bente Emma Austnes Ola Einar Flem Trude Finnanger

Tre av leselærarane ved forskjellige skular i Haram er samla til planleggingsmøte. Fremst Bente Emma Austnes, så Trude Finnanger og bakerst Ola Einar Flem.

Foto: Terje Reite / NRK

– Eit løft for skulen i Haram

Einingsleiar for grunnskulen i Haram, Bjørn Nedreskodje, seier også at det var naturleg for Haram kommune å starte arbeidet med å gjere skulane i kommunen dysleksivenlege.

Bjørn Nedreskodje

Bjørn Nedreskodje er einingsleiar for grunnskulane i Haram.

Foto: Terje Reite / NRK

Skulane i Haram har to satsingsområde. Det er lesing og vurdering for læring. Prosjektet med dysleksivenlege skular låg midt i løypa vår. Eg trur at alle i skuleverket ser at dette er eit viktig arbeid, seier Bjørn Nedreskodje til NRK.

Nedreskodje seier at prosjektet er eit stort løft for kommunen. Det tek eitt til to år å få opp kompetansen som krevs. Skulane skal no gjennom ein fase med systematisk og grundig arbeid for å få opp kompetansen.

Vi må ha pådrivarar for å få til dette. Elles vil vi ikkje lukkast. og vi må ha lærarar som har fått auka kompetansen sin. Dei må kjenne til kva som trengs for å hjelpe dyslektikarane til å bli flinkare lesarar. Og vi treng eit godt samarbeid mellom skule og heim. Samarbeid med andre faginstansar er også ein nøkkelfaktor, seier Nedreskodje.

Nedreskodje legg også vekt på at tilliten mellom kommunpolitikarane og skulen vert ein nøkkelfaktor for at prosjektet kan lukkast.

– Det er gjort eit politisk vedtak som har skapt forventningar. Dette vil koste tid, pengar og ressursar. Då må vi stole på at dette blir fulgt opp med nok ressursar. Samtidig må skulen levere varene og syte for at ambisjonane er fult opp i løpet av eitt til to år, seier Nedreskodje.