NRK Meny
Normal

Vil gje fleire byar «Oslo-status»

Ifølgje ein ny rapport bør fleire byregionar få same styringsmodell som Oslo. Det er naturleg at Ålesund får fleire oppgåver og meir fridom enn dei andre byane i fylket, meiner professor Jørn Rattsø.

Ålesund

Bør Noregs 11. største by ha fleire oppgåver og større fridom enn dei andre byane i fylket?

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

«Den økonomiske veksten i Noreg er avhengig av ein vellukka byvekts» heiter det i ein ny rapport, lagt fram av professor i samfunnsøkonomi ved NTNU, Jørn Rattsø.

Les rapporten her

– Det er viktig for produktivitetsveksten at byar konkurrerer om hushaldningar, kompetanse og bedrifter. For Noreg er utfordringa å utvikle attraktive byar, seier han.

Sjølv om ikkje alt næringsliv held til byane, så meiner han at det monnar lite for landet si utvikling med tanke på sysselsetjing og folkesetnad.

– Byveksten er framleis det viktigaste, understrekar han.

«Oslo-status»

Jørn Rattsø

Jørn Rattsø er professor ved NTNU i Trondheim.

Foto: Terje Lien

Medan dei fleste er opptekne av at vi har for mange småkommunar i Noreg, meiner Rattsø at det viktigaste med kommunereforma er at bykommune vert meir robuste og slagkraftige.

Rapporten om kommuneoppgåver er utarbeida for NHO og Akademikarane.

Ifølgje Rattsø er det avgjerande at vi lykkes med å utvikle dei 20 største byregionane betre enn vi har gjort til no.

I rapporten står det: «Inndelinga i fleirkommunale byområder bør avviklast og dei by-kommunane som etablerast bør ha fullt ansvar for planlegging og regulering for å forme rasjonelle utbyggingsmønstre.»

Professoren har kome fram til at det vil vere lurt å gje større byar det ein kallar for «Oslo-status». Det vil ikkje gjelde alle bykommunane i Møre og Romsdal, seier han.

– Dei tre største byane i fylket, har samla arbeidsmarknadsregionar med 180–190 000 innbyggjarar, så her er det mykje potensial. Men ulempa er at dette er delt på tre, seier han.

Samla skuleansvar

Fordi Ålesund er den største byen i Møre og Romsdal, meiner han også det er naturleg at byen organiserer seg annleis enn dei andre kommunane. Byen får dermed ein del oppgåver som andre ikkje får.

– Det vil seie at dei får samla ansvar for skule frå barnehage til vidaregåande skule. Ein får også større ansvar for planlegging av kollektivtransport, forklarar han og legg til at fylkeskommunen si rolle i dette er eit ope spørsmål.

I modellen får storbyane ansvar for skulane og fylkeskommunen får ansvar for vidaregåande skule i resten av fylket, står det i rapporten.

Ordfører i Ålesund, Bjørn Tømmerdal
Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Rattsø seier det er eit skjønnsmessig spørsmål kor grensene går i ei storbykommune, men trur Ålesund åleine bør ha gode føresetnader for organisering på denne måten.

– Då vil det vere forskjell på Ålesund og til dømes Molde og Kristiansund?

– Ja, det vil det då vere, seier han.

– Økonomisk uvisse

Mykje økonomisk uvisse gjer det vanskeleg å vite om Ålesund kan få Oslo-status, meiner ordførar Bjørn Tømmerdal.

– Slik som eg ser det er det altfor mange uavklarte ting. Det er ikkje gitt at Ålesund har ein størrelse som gjer at vi kan makte det, seier han.

Ordføraren meiner det også er fleire spørsmål ein må få svar på, blant anna kva som skjer med dei andre skulane i fylket og om dei skal være eid av fylkeskommunen.

– Men at Ålesund kommune saman med nabokommunane ein gong i framtida utgjer ein større regional aktør er ikkje umulig, seier Tømmerdal.

Fylkesplansjef i Møre og Romsdal, Ole Helge Haugen, vil ikkje kommentere organiseringa overfor NRK fordi han seier det er eit politisk spørsmål.