Hopp til innhold

Vil gi oppreisning til barneheimsbarn

Fylkeskommunen vi dekkje halvparten av erstatninga til barneheimsbarn som har budd i fylkeskommunale institusjonar.

Gunn Berit Gjerde og Ingrid Opedal

Fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde frå Venstre og Ingrid Opedal frå SV meiner det nye vedtaket er ei god løysing.

Foto: Trond Vestre / nrk

Det er klart etter at fylkestinget behandla saka i tysdag.

– No tek fylkeskommunen sitt ansvar i dei sakene der fylkeskommunen har vore inne i bilete, og deler 50/50 med kommunane, seier fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde frå Venstre.

Fylkeskommunen vil også dekkje førti prosent av kostnadene ved å administrere ordninga, som inneber at vaksne som meiner dei blei dårleg behandla ved slike institusjonar kan søke erstatning.

God løysing

Ingrid Opedal frå SV meiner det nye vedtaket er ei god løysing.

– Eg er veldig glad for at vi endeleg har kome så langt at vi har fått til det nødvendige spleiselaget mellom kommunane og fylkeskommunen. Det er viktig å få rydda opp i denne trasige saka, seier ho.

Opedal meiner det har vore urimeleg at Møre og Romsdal ikkje skulle ha ei slik ordning når andre kommunar og fylke allereie har fått dette på plass.

– Ut ifrå den kontakta eg sjølv har hatt med folk som har opplevd overgrep, så har det vore viktig for dei å få ein offentleg unnskyldning for det dei har vore utsett for, seier ho.

Utfordrande kostnader

Kor mykje den nye ordninga vil koste er enno ikkje avklart. Gjerde meiner likevel at dette var eit heilt nødvendig vedtak. Til trass for at kostnadane vil bli ei utfordring.

– Kostnadane må inn på eit budsjett og vi har prøvd å berekne så godt som mogeleg ut ifrå dei erfaringane som har vore gjort andre plassar, seier Gjerde.

– Men no skal vi gjere dette, og då er det eventuelt noko anna som må kuttast dersom kostnadane vert for store, held ho fram.