Hopp til innhold

Vil gi eit realistisk bilde av fødslar

Fotograf Eva Rose Furmyr (39) meiner mange blivande mødre framleis manglar nok kunnskap om kva som skjer når eit barn kjem til verda. Sjølv har ho vore med på over 100 fødslar, og reiser no landet rundt for å fortelje.

Fødsel

Det kan sjå brutalt ut når ein barn kjem til verda, men det går som regel bra. Fotograf Eva Rose Furmyr meiner det er viktig at dei som skal bli mødre er budde på kva som ventar dei under ein smertefull og ofte lang fødsel.

Foto: Eva Rose Furmyr

Det har blitt sein kveld i det meldinga tikkar inn på mobilen. Eva Rose Furmyr pakkar tinga sine i ei fart og skundar seg til sjukehuset. Ho kjenner adrenalinet brusar i heile kroppen og tek eit par djupe pust før ho går inn i rommet. Ho er trøtt, men likevel lys vaken. Konsentrasjonen er på topp.

Fødsel

Det er hardt medan det står på, men mange mødre seier alt er gløymt etterpå. Både helsepersonellet og fedrene har ei sentral rolle når eit barn kjem til verda.

Foto: Eva Rose Furmyr

– Eg blir aldri lei. Eg får ei slags euforisk lykkekjensle. Ein fødsel er noko av det tøffaste ei kvinne går gjennom, og eg blir like rørt kvar gong mora får barnet på brystet. Då verker det som alt det tøffe blir gløymd.

70 stadar på ti veker

Totalt har ho tatt bilde av 123 fødslar dei siste 20 åra. Denne våren skal ho køyre rundt i ein bubil fylt med fødselsbilde som ho skal dekorere sjukehus og helsestasjonar med.

På vegen skal ho også ha samtalar om fødslar og fødeomsorga i Noreg. Furmyr har ikkje sjølv fødd, men har i ei årrekke jobba for å spreie informasjon om temaet gjennom bilda, bøker og dokumentarar.

Nyfødd baby

Fotograf Eva Rose Furmyr var ikkje førebudd på responsen ho fekk då ho inviterte seg sjølv på besøk til helsestasjonar og fødeavdelingar. No har ho plotta inn besøk 70 stader i landet i april, mai og juni.

Foto: Eva Rose Furmyr

– Eg har vore på sidelinja i 20 år og ønsker å vise eit realistisk bilde av fødslar. Usikkerheit kan føre til uro. Difor har det blitt viktig for meg å dele informasjon om temaet slik at kvinner kan lære meir om det dei skal gjennom og ta gode informerte val, seier ho.

Fødselsfotografen

Eitt nytt liv er ei stor hending for fleire enn mor. Fødselsfotograf Rose Eva Furmyr frå Sunnmøre har tatt bilde av mange av dei aller første møta mellom søsken.

Foto: Eva Rose Furmyr

Ideen starta i det små i 2014 då ho gav vekk fleire av bilde sine til Bærum sjukehus. Responsen frå kvinnene på fødeavdelinga der gjorde at ho bestemte seg for å setje seg bak rattet. Responsen ho fekk på Facebook, gjorde at ho måtte utvide turneplanen. I staden for ti sjukehus på fire veker, skal ho no til 70 sjukehus i løpet av ti veker.

Fødselsfoto

Det å få eit nytt liv i hendene er skjelsettande for både mor og far, og er sterkt også for dei rundt. Fotograf Rose Eva Furmyr blir alltid rørt når ei lita jente eller ein liten gut kjem til verda.

Foto: Eva Rose Furmyr

Kirsten Jørgensen, politisk leiar i Jordmorforeningen, seier at bilde kan vere ein måte å få tilleggsinformasjon på, men meiner det viktigaste er ei tilgjengeleg jordmorteneste som kan tilby rettleiing og informasjon om graviditet og fødsel.

Vil utvide prosjektet

Furmyr håper at bilda hennar kan bidra til å roe dei som besøkjer sjukehus og helsestasjonar.

– Eg har lyst å vise kor fin ein fødsel kan vere. Fleire av bilda viser støtta mellom mor og far under fødsel. I tillegg er det mykje humor i bilda, slik at ein kan smile litt, seier ho.

Og allereie før ho har starta på turen rundt i Noreg har fødselsfotografen starta å planlegge nye reiser.

– Eg drøymer om å ta med dette prosjektet utanlands og har fått med ei jordmor som skal vere med jorda rundt.

  • Inviterer fotografen inn på fødestova
    Fødselsfotografen

    Fotograf Eva Rose Furmyr har vore med når over 100 babyar har sett dagens lys. Ho meiner det er viktig å gje nøktern informasjon om kva som skjer, slik at nye mødre er budde på kva som ventar dei under ein smertefull og ofte lang fødsel.

    Foto: Privat

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL