Hopp til innhold

Vil fornye med Ole Ivars

Organist Jostein Maude i Ålesund kirke vil ta inn musikkartar som danseband og country i kyrkja.

Ole Ivars
Foto: handout / K&U

Maude trur at dette vil gjere at fleire tek turen.

- Musikken passar i kyrkja

Maude seier at det lenge har vore arbeidd med fornying frå gospel og folkemusikk.

Jostein Maude

Organist Joastein Maude i Ålesund kirke.

Foto: Torild Øvrelid / NRK

- Då tenkte eg at vi kunne gå steget ut og fornye den også med musikkartar som folk kan kjenne seg att i. Og då tenkte eg på det såkalla dansefolket, seier han.

Han meiner at artistar som Ole Ivars, Vikingarna og Bjøro Håland har spelt musikk som passar i kyrkja.

Ikkje noko opprør

Organisten trur ikkje det kjem til å bli mykje voldsom motstand mot å ta slik musikk inn i kyrkja.

- Det er snart 20-25 år sidan Ytre Suløen spelte programmet "Kvite som negrar" i Volda kyrkje, så det er vel snart på tide at vi går vidare og tek country-musikken inn i kyrkja.

Jostein Maude er utdanna organist. Han avviser at det er eit opprør når han no går ut og vil ha ny musikk inn i kyrkja.

- Eg meiner at dette handlar om kommunikasjon ut til folket. Kvifor ikkje sette dette i ei ramme for ei gudsteneste, undrar han.

Vil fornye reportoaret

Det er ikkje "Guldbruna ögon" han ser for seg skal ljome mellom kyrkjebenkane.

- Det er ikkje den eg tenkjer på, eg trur vi skal ta utgangspunkt i det reportoaret som er, og kome med eit nytt tilfang.

Ideen kom då han tenkte over kven kyrkja ynskjer å kommunisere med.

- Eg trur vi må få tak i familiegenerasjonen og oppover, Musikken er godt laga, eg har tidlegare arbeida med Ole Ivars, og det er skikkeleg proffe folk.

Høyr radioinnslag med organist Jostein Maude.