Vil forlenge levetida for Draugen

Olje- og gasselskapet Okea vil forlenge levetida til Draugenplattforma utanfor Kristiansund med 25 år. Innan fem år ønsker selskapet å tilføre plattforma straum frå land, og erstatte dagens gassturbinar. Dette vil redusere utslepp, driftskostnader og forlenge levetida for feltet. Direktør for forretningsutvikling i Okea, Ola Borten Moe, seier at dersom dei lykkast med dette planane- kan det sikre 200 arbeidsplassar i olje- og gassnæringa i Kristiansund. Han utfordrar i dag statsministeren om å finne liknande løysingar for alle plattformene, slik at levetida kan forlengast, samtidig med at utsleppa blir reduserte.

Draugen-plattformen
Foto: Shell