NRK Meny
Normal

Her kan det bli forbudt å bruke miniskjørt

Skjørtekanten til dei kommunetilsette i Nesset bør ikkje vere meir enn 10 centimeter over kneet. Det foreslår rådmannen.

Servicetorget i Nesset

For dei tilsette på servicetorget i Nesset er det heilt naturleg å vere skikkeleg kledd. Frå venstre Hege Frisvold Jørstad, Synnøve Stubø Molton og Vivian Høsteng.

Foto: Nesset kommune

Administrasjonen i Nesset kommune kjem med nye reglar for korleis dei tilsette skal kle seg, skriv avisa Driva. Dermed kan det bli forbode med miniskjørt, korte shortsar, bare magar og djupe utringingar.

«Det er ikke akseptert at det brukes miniskjørt eller korte shorts i jobbsammenheng. Når vi sitter skal ikke skjørt/shortskanten være mer enn 10 centimeter over kneet. Det er heller ikke akseptert at det vises bare mager eller utringinger som viser for mye av brystkassen», står det i sakspapira.

Sømmeleg kledd

Personalsjef Anne- Karin Sjøli seier til Driva at reglane som vert lagt fram skal sikre at dei kommunalt tilsette er ordentleg og sømmeleg kledd når dei er på jobb.

– Det er viktig at dei som jobbar på kontor ikkje kler seg slik at dei kan støyte nokon, seier Sjøli til avisa. Heller ikkje fritidsklede som joggebukser og tights skal kunne brukast på jobb. Kleda skal dessutan vere heile og reine.

Sjøli seier at det har skjedd at klede har vore tema i enkelte tilfelle. No skal endringane leggast fram for administrasjonsutvalet.

Må tore å seie i frå

Liv Husby

Rådmann i Nesset kommune, Liv Husby meiner ein må tore å seie frå til dei som ikkje kler seg anstendig.

Rådmann i Nesset kommune, Liv Husby seier til NRK at dei i Nesset kommune ikkje har mange utskeiingar hos dei tilsette, men at dei ser at unge og eldre kan ha forskjellige meiningar om klede.

– Vi har hatt tilfelle der besøkande hos oss har reagert på korte shortsar, seier ho.

Ho meiner at shortsen skal vere under kneet om ein skal bruke den på jobb.

– Alle som kjem innom eit offentleg kontor har om ikkje forventningar, så vil dei reagere på det dei meiner ikkje er anstendig. Det er viktig å passe på kvarandre, og ein må tore å seie i frå om klede som ikkje passar seg, seier ho.

Ikkje noko problem

For damene på servicetorget, som er kommunen sitt ansikt utad, er kleskode ikkje noko problem. Hege Jørstad seier til NRK at for dei er det naturleg å vere normalt og ordentleg kledd.

– Det med miniskjørt og utringingar kan ikkje vere noko stort problem. Eg ser ikkje nokon som har utmerka seg spesielt, seier Jørstad.

I fjor innførte Nesset kommune forbod mot røyking, snusing og tygging av skråtobakk i arbeidstida ved alle kommunale arbeidsplassar.