Hopp til innhold

Vil følgje med på etterforskinga

Statsadvokaten i Møre og Romsdal skal følge nøye med politiet etter ei VG-avsløring om valdtektstal. I Møre og Romsdal enda 11,7 prosent av valdtektssakene mellom 2015 og 2017 med tiltalar. – Vi ser ein auke i saksbehandlingstid og manglande etterforsking i mange saker. Det er sett i verk eit prosjekt i politidistriktet som skal sjå på gamle saker. Etter VG si avsløring vil vi følgje opp saksfeltet endå tettare i 2019. Vi vil sjå på kva som er grunnen til at vi har så mange saker som blir lagt vekk, seier førstestatsadvokat Ingvild Thorn Nordheim til VG. NRK melde først at statsadvokaten skulle opne tilsyn, men dette stemmer ikkje, ifølgje politiet.