Programleiar Oddgeir Bruaset synest det er fint at nokon brukar bacheloroppgåva på serien.
Foto: NRK
Rubina Butt har nett avslutta to månader med praksis i NRK Hordaland. No er ho tilbake som student. Programserien oppsøker vakre, men avsidesliggjande stader som Kirkefjorden i Lofoten. Her frå eit besøk i 2009. Severin Rønes i Storfjorden er blant dei som har blitt portrettert i serien. Det finst ingen veg til garden, men med internett er det ikkje så einsamt, seier han.
– Eit program eg brenn for
Ho er i gong med tredje året på bachelorstudiet i journalistikk på Universitetet i Bergen, men allereie då ho starta på studiet visste ho kva temaet for bacheloroppgåva hennar; nemleg yndlingsserien "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu".
– Sjølv har eg følgt serien heilt ifrå start, og er veldig glad i den typen program. Det er noko eg brenn for, så det var naturleg for meg å skrive oppgåve om det, seier ho.
Glad i dyr og natur
Journaliststudenten er frå før av utdanna agronom, og har tidlegare studert husdyrvelferd på høgskule. Etter vidaregåande valde ho friluftslinja på Molde folkehøgskule.
– Eg har alltid dyrka dyre- og friluftsinteressa mi, noko som eg trur har vore med å utvikle interessa for programmet. Slik sett skil eg meg gjerne litt frå dagens ungdom, seier 25-åringen.
På sikt håper ho å kunne kombinere journalistikk med dei personlege interessene sine. Nett slik som Oddgeir Bruaset har gjort gjennom sjåarsuksessen "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu".
Vekk frå tidsklemma
Med bacheloroppgåva vil Butt prøve å finne ut kva det er med serien som appellerer slik til folk.I samband med oppgåva gjorde ho eit lengre intervju med programleiar Oddgeir Bruaset.
– Han meiner det er noko rotlaust i tida vi lever i, og at folk lengtar litt tilbake til gamle dagar. Det er ein teori eg er einig i, seier studenten.
- Les også:
– Ein hadde betre tid før. Eg trur nok ideen om fråværet av tidsklemme og mindre hektiske dagar fenger folk, legg ho til.
Ho trur også at sjåarane likar serien fordi dei som er med er seg sjølve utan å spele ei påtatt rolle.
– Dette trur eg folk set pris på. Samstundes som at programleiar Bruaset opptrer nesten usynleg i serien. Han fokuserer på å få fram historiene til dei han portretterer og miljøet som vert omtala, seier ho.
For å vere på den sikre sida, har ho laga ei enkel spørjeundersøking som sjåarar kan delta i.
- Du kan delta i spørjeundersøkinga til Rubina Butt her.
Med internett i grisgrendte strøk
Men det er ikkje berre draumen om gamle dagar som gjer at folk vel å slå seg ned på avsidesliggande stader, trur journaliststudenten.
– Det er spennande personlegdomar med i serien. Dei er svært ulike, men har dei same måla om å leve meir privat og på sin eigen måte.
- Les også:
– Mange av dei som serien besøker, finn eit livsgrunnlag der dei bur, anten det er turisme eller andre type inntekter. Det er mykje takka vere internett og den teknologiske utviklinga som har vore. Det vil eg prøve å kome nærare innpå i oppgåva, legg ho til.
Har du gått glipp av tidlegare episodar med "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu"?