Hopp til innhold

Vil flytte rehabilitering frå Mork

Direktøren i Helse Møre og Romsdal går inn for å flytte rehabiliteringstilbodet på Mork i Volda til Ålesund sjukehus.

Flyttinga kjem opp som eiga sak under styremøtet om ei veke.

Opphavleg var planen å flytte verksemda til Volda sjukehus, men Helse Midt-Noreg har sagt nei til å finansiere ei utbygging som skulle gjere dette mogleg.

Bygningane på Mork har eit stort vedlikehaldsmessig etterslep, og helseføretaket har ikkje råd til å oppgradere bygningane. Dessutan er det ledig plass ved Ålesund sjukehus og bruken av rehabiliteringstenestene har gått ned dei siste åra, heiter det i dokumenta som blir lagt fram for styret.

Samlokaliseringa inneber ein reduksjon frå dagens 32 senger til 28, der 4 av sengene er på pasienthotellet. Det blir også lagt opp til ein reduksjon i talet på tilsette.

I samband med drøftingsmøte uttalte fagorganisasjonane at det er beklageleg at trongare økonomiske rammer i føretaket skal føre til ei slik endring i tilbodet.

Mork Rehabsenter
Foto: Arne Flatin / NRK