Vil flytte 140 statlege arbeidsplassar frå Oslo til Ålesund

Regjeringa skal slå saman dei statlege verksemdene GIEK og Eksportkreditt. No kjempar den maritime bransjen for å få hovudkontoret til Ålesund.

Ålesund

ÅLESUND: Næringslivet i Møre og Romsdal er storforbrukarar av tenestene til GIEK og Eksportkreditt.

Foto: Brian Witte

Nokre nautiske mil sør for Ålesund ligg Larsnes Mek. Verksted. Her arbeider alle for fullt.

Det er det lite som minner om permitteringar og koronanedgang.

Hjørnesteinsbedrifta på sunnmørskysten leverer topp moderne brønnbåtar til den stadig veksande laksenæringa.

– Utan desse ordningane hadde ikkje vi hatt arbeid, i alle fall ikkje full sysselsetting, seier dagleg leiar, Jarle Gunnarstein.

Jarle Gunnarstein, Larsnes mek.

SKAPER ARBEIDSPLASSAR: Jarle Gunnarstein fortel at kundane som bestiller båtar hjå verftet er avhengig av tenestene til GIEK og Eksportkreditt.

Foto: Jan Erik Finsæther / NRK

Dei maritime verksemdene i Møre og Romsdal er tett knytte saman; reiarlag, verft og underleverandørar. Bedriftene er avhengig av kvarandre for å skape, og halde oppe, aktivitet.

Ein annan viktig faktor for aktivitet på kysten er bankar som kan finansiere dei mange store byggeprosjekta.

Her spelar dei statlege institusjonane GIEK og Eksportkreditt ei avgjerande rolle.

– Støtteapparatet må dit kor verdiane vert skapt!

GIEK gjev garantiar for lån på vegner av den norske stat.

Garantiane kan nyttast for lån i tradisjonelle bankar, eller i Eksportkreditt Norge.

Formålet til begge føretaka er å sørgje for aktivitet i norsk eksportnæring.Staten garanterer for lån, slik at det vert lettare å få finansiering til å kjøpe varer eller tenester i Noreg.

Dei største brukarane av tilbodet til GIEK er næringslivet i Møre og Romsdal, som i 2019 fekk lånegarantiar for over 9 milliardar kroner. Til samanlikning fekk bedrifter i det nye storfylket Viken lånegaranti for rundt 3 milliardar.

Regjeringa har bestemt at GIEK og Eksportkreditt Norge AS skal slåast saman innan 1. juli.

Til saman har dei to einingane rundt 140 offentlege arbeidsplassar.

Til å organisere samanslåinga er det sett ned eit interimsstyre. Ifølgje Sunnmørsposten har dei fått i oppdrag å leite etter eigna lokale i Groruddalen, eller liknande område for å utvikle austkanten av Oslo.

No tek næringslivet på Sunnmøre til orde mot lokalisering i Oslo. Dei meiner avstanden er for stor mellom industrien og dei statlege institusjonane.

Diskusjonen vart sparka i gang av skipsreiar Stig Remøy:

– Støtteapparatet må dit kor verdiane vert skapt, skreiv han i Sunnmørsposten 3. januar.

Stig Remøy i Fosnavåg

SKIPSREIAR: Stig Remøy meiner statlege finansinstitusjonar må flyttast nærmare kundane.

Foto: Jan Erik Finsæther / NRK

– Vil ikkje flytte

– Skal ein forstå vår verkelegheit så må ein vere tett på. Ein kan ikkje sentralisere kystnoreg. Det er avgjerande at GIEK er til stades i regionen, seier Remøy.

Etter kvart har fleire av partia på Stortinget teke innspela på alvor.

Aller lengst går Frp som vil flytte heile verksemda til det samanslegne GIEK-Eksportkreditt til vestlandet.

For Ålesund kommune kan det bety at ein får tilført over 100 statlege arbeidsplassar.

Som svar på eit skriftleg spørsmål frå Fredric Holen Bjørdal (Ap), svarar næringsminister Iselin Nybø at regjeringa har bestemt at dei to einingane skal slåast saman og ha kontor i Oslo:

– GIEK og Eksportkreditt kjenner næringslivet over heile Noreg svært godt.

Vidare skriv Nybø at ei anna lokalisering enn Oslo ikkje er aktuell. Ho vil derimot ikkje utelukke at det ved eit seinare høve kan vere mogleg å opprette eit eller fleire lokalkontor.

Næringsministeren meiner det er viktig at mest mogleg av kapasiteten vert brukt til å hjelpe bedriftene.

Næringsminister Iselin Nybø

VIL IKKJE VURDERE FLYTTING: Næringsminister Iselin Nybø held fast på at det nye hovudkontoret skal ligge i Oslo.