Hopp til innhold

Vart bonde då han mista oljejobben

Då Rune Kvammen (30) mista oljejobben, kunne han ta over heimgarden i Fræna fordi faren pensjonerte seg tidleg. No vil Landbruksministeren fjerne ordninga med tidlegpensjon for bønder.

Rune Kvammen

Rune Kvammen er glad for at han kunne ta over drifta på heimgarden på Sylte i Fræna.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

På garden Sylte i Fræna er Rune Kvammen i gang med dagens mange gjeremål. Han er ein av rundt 40.000 oljearbeidarar som har blitt nedbemanna dei siste åra. Men 30-åringen vart ikkje ein del av arbeidsløysestatistikken. Grunnen er at faren Eiliv valde å ta ut tidlegpensjon, slik at sonen kunne overta garden.

– Det var ikkje denne kursen som var staka ut tidleg i livet for meg, men det passa godt når far kunne nytte ordninga med tidlegpensjon, seier Rune Kvammen.

Det er lange dagar for gardbrukaren. Han startar klokka 07 om morgonen og er ikkje ferdig med arbeidsdagen før 23.30.

Jon Georg Dale på møte på Skei

Jon Georg Dale (Frp) meiner pengane bør brukast for å rekruttere folk inn i yrket, ikkje ut.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Feil å hjelpe folk ut av yrket

I jordbruksmeldinga føreslår regjeringa å fjerne ordninga med tilskot for bønder som ynskjer å gå av med pensjon tidleg. Målet med ordninga er at den skal bidra til å gjere generasjonsovergangar lettare, slik som hos familien Kvammen. Landbruksminister Jon Georg Dale (Frp).

– Bønder som andre har høve til å pensjonere seg tidleg, men spørsmålet er om ein skal ha mykje betre pensjonsordningar enn andre som vil pensjonere seg tidleg, seier Dale.

Han meiner at pengane heller bør brukast på å hjelpe folk inn i næringa enn å hjelpe dei ut. Regjeringa føreslår difor andre tiltak for å styrke rekrutteringa inn i bondeyrket.

Anna framtid utan tilskot

Eiliv Kvammen

Eiliv Kvammen pensjonerte seg som 62-åring, slik at sonen kunne overta garden.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Eiliv Kvammen synest det var litt rar måte å slutte på etter over 30 år, men er glad for at sonen tok over. Hadde dei venta til Eiliv var 67 år, kunne det ha vore at Rune aldri hadde tatt over garden.

– Då kunne han vere godt etablert i ein annan jobb og ikkje vere interessert i å ta over, seier Eiliv Kvammen.

Rune Kvammen synest det var bra at han fekk ta over garden så tidleg.

– Arbeidet er hardt fysisk, så ein kan ikkje vente til ein blir altfor gamal. Ein må vere litt ung og dum for å kome i gang, spøker Kvammen.