NRK Meny
Normal

Sjåførar vil ikkje ha pengar i bussen

Bussjåførar er skremde etter økseranet i Kristiansund i går. Dei vil at passasjerane berre skal betale med kort.

Tore Bangsund

Sjølv om beløpa i bussane ikkje er store, vil dei tilsette no ha bort alle kontantar etter økseranet i går kveld.

Økseran i Kristiansund

I 23-tida i går kveld vart ein rutebuss i Kristiansund rana av ein mann med øks. Han truga til seg pengar og hogde i inventaret i bussen. Sjølv om beløpa i bussane ikkje er store, vil dei tilsette no ha bort alle kontantar.

– Det har vore snakka om i mange år, men vi synest arbeidet går sakte. Vi må stille krav, seier Tore Bangsund. Han er verneombod i Nettbuss Kristiansund.

LES OGSÅ:

Vil ha fleire bankterminalar

Men det er ikkje berre å fjerne kontantane. Det er Møre og Romsdal fylkeskommune som er oppdragsgivar, og det er dei som bestemmer kva bussar som skal ha bankterminalar.

– Vi er i dialog med fylkeskommunen for å få fleire bankterminalar, seier Hallstein Lillevik. Han er regiondirektør i Nettbuss.

Har bestilt inn

Og det vil kome etter nyttår på ein del av dei mest trafikkerte rutene i fylket. Det er bestilt inn 39 betalingsterminalar for bussane i Kristiansund. Det opplyser Dag Hole, seksjonsleiar for kollektivtransporten i fylkeskommunen.

– Grunnen til at vi har vegra oss for å kjøpe inn bankterminalar er at kvaliteten på terminalane har vore for dårleg. Det har også vore eit kostnadsspørsmål, seier Hole.

Må kunne betale kontant

Hole forstår at bussjåførane er redde for å bli rana og seier at fylkeskommunen ikkje ynskjer slike situasjonar. Sjølv om det no kjem bankterminalar på fleire av bussane, vil passasjerar framleis kunne betale kontant.

– Pengar er eit lovleg betalingsmiddel, så vi kan ikkje fjerne det. Men vi kan legge til rette for at fleire betalar med kort, seier Hole.

Sikta for ran

Ein mann i 20-åra vart tysdag kveld pågripen og sikta for ranet. I avhøyr nektar mannen for å stå bak.

Ifølgje politiet var han delvis maskert då han gjekk laus på bussen. Det var kamera om bord i bussen og politiet har videoopptak frå hendinga.

Verken sjåføren eller dei to passasjerane kom fysisk til skade.