Hopp til innhold

Vil feste gåtegaupe til film

Det vert prata og spekulert i ein pelskledd innflyttar på Tustna. Finst han eller ikkje? Folket er ikkje einige, men no vil kommunen finne svaret – éin gong for alle!

Grunneigar og viltansvarleg

Grunneigar på Tustna, Ingolf Nordvik, og viltansvarleg i Aure kommune, Kristian Kindt. Heilt til høgre i bilde er eit montert opp viltkamera.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Mannen min såg ein stor katt ned med potetåkeren i fjor haust. Det var gaupa det.

Anne Grete Hamnes er éin av tustningane som er sikker i si sak: Gaupa på Tustna finst, og luskar i skogane.

Men innbyggarane på øya blir ikkje einige, og sjølv dei som trur dei er sikre er usikre.

– Ein kar som har hytte bort med meg såg gaupa oppom huset, på 50 meters avstand. Det var litt skumring, så ein kan ikkje vere heilt sikker, seier Torgeir Bach.

No skal det derimot avslørast.

Saka held fram under bildet.

Gaupe

Eit slikt dyr, ei gaupe, er det svært mange på Tustna trur luskar i skogane.

Foto: Svein Oppheim / Scanpix

Riggar fotofelle

For problemet er at ingen er sikre, og både folk, viltforvaltaren og kommune vil ha svar.

Derfor blir det no rigga til med fotofelle. Utan fellande prov er det nemleg mange som ikkje trur på Tustna-gaupa.

For med mindre gauper tidvis sym over fjordar eller går over trafikkerte bruer, så er øya Tustna eigentleg berre éin tredjedel så stor som det gauper krev av plass.

Kristian Kindt

Kristian Kindt fortel om relativt store sauetap på Tustna.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Relativt store sauetap

Dersom det faktisk er ei gaupe på Tustna kan det ha store konsekvensar for andre dyr, fortel Kristian Kindt, viltansvarleg i Aure kommune.

– Det kan bli ganske stor belastning på rådyr og sau.

– Og det er jo rapportert om relativt store sauetap på Tustna dei siste åra. Vi har ikkje noko prov, men ...

Men no kan dei altså få bilda dei treng. Kamera, som oppfattar rørsle, skal fange gaupa på film. Då blir gaupe i så fall både heldt ansvarleg for saue- og rådyrtap.

Det opnar for meir diskusjon.

Torgeir Bach

Torgeir Bach fortel at gaupa på Tustna kan ha blitt sett like ved eige hus.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Vil helst ha den utstoppa

– Eg likar å ha ein del ville dyr rundt meg eg, då. Så det er greitt for meg, seier Torgeir Bach på spørsmål om gaupe på Tustna er greitt.

For Ingolf Nordvik, som er grunneigar, er situasjonen litt annleis.

– Eg vil helst ha den utstoppa i stua, slår han fast.

Likevel, før ei gaupe eventuelt får springe fritt på Tustna eller bli veggpryd, må den fangast på film. Kameraet er montert opp:

– No er det berre å gå heim og vente, seier viltforvaltar Kindt.

– Vi får no tru at det blir eit bilde av ho, eller står vi jo berre her og pratar tull, avsluttar Bach flirande.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL