Vil få jentene i form

Jentebølgen 2009 skal arrangerast i juni. I går var frontfigur for arrangementet, Liv Grete Skjelbreid Poirée, på kick-off i Ålesund.

Liv Grete Skjelbreid Poirée
Foto: Espen Gjelsten / NRK

Den tidlegare skiskytardronninga har ei lang merittliste. 8 gullmedaljar i VM, to OL-sølv og diverse seiarar i verdscupen. No vil ho motivere andre til å kome seg i form.

Det er enno nokre månader att til Jentebølgen skal arrangerast. Men allereie i går var tidlegare toppidrettsutøvar, Liv Grete Skjelbreid Poirée i Ålesund, for å markere oppsparket til det 5 kilometer lange mosjonsløpet.

- No i fyrste omgang skal eg prøve å motivere jentene til å trene, slik at dei får ei god oppleving av å springe 5 kilometer, med den forma dei har, seier ho, og understrekar at ein ikkje treng å vere topptrent for å delta i løpet.

- Nei, dette er ikkje noko toppidrettsprogram. Alle kan delta.

- Kom deg opp av stolen

Jentebølgen arrangerast kvart år i byar over heile landet. I år er det Liv Grete Skjelbreid Poirée som skal fronte arrangementet, og ho håper at ho kan bidra til at fleire kvinner kjem seg opp av stolen.

Liv Grete Skjelbreid Poirée

Liv Grete Skjelbreid Poirée snakka om Jentebølgen i radiostudio i går

Foto: Espen Gjelsten / NRK

- Eg håper eg kan motivere flest mogleg til å vere med og kome seg ut litt.

Liv Grete trur det er viktig at ein har noko å strekkje seg etter når ein set i gong med treninga.

- Det er litt lettare å kome seg opp av stolen og bevege seg litt dersom ein har eit mål om å gjennomføre dette løpet til dømes konkurransen, seier ho.

Inviterer småbornsmødre

Liv Grete Skjelbreid Poirée har lagt skiskytarkarriera på hylla, og har vorte mor til tre born. Men ho er likevel oppteken av å halde seg i form.

- Skiskyting krev mykje tid. No kan eg trene meir lystbetont. Eg veit kor mykje det betyr å vere aktiv. Det er ikkje så mykje som skal til før det hjelp på humøret. Så kjem du i betre form i tillegg.

Og ho oppfordrar også andre småbornsmødre til å kome seg ut og trene.

- Eg trur at dersom du skal klare å halde tempoet til ungane og tåle trykket, så er det bra å vere i god form.