NRK Meny
Normal

Vil etablere kvinnefengsel i Sunndal

Sunndal kommune jobbar for eit kvinnefengsel i Sunndal. Ordføraren, Ståle Refstie, meiner det ikkje vil konkurrerer med andre fengsel og fengselsprosjekt i Møre og Romsdal.

Ordfører Ståle Refsti

Ordføraren, Ståle Refstie, seier at kommunen jobbar for å få eit kvinnefengsel i Sunndal. Han meiner dei er kvalifiserte for jobben.

Foto: Gunnar sandvik / nrk

Eit nytt kvinnefengsel i Sunndal vil ikkje konkurrere med fengselet på Hustad eller det planlagde fengselet på Sunnmøre, det meiner ordførar i Sunndal, Ståle Refstie.

Kommunen jobbar no for å få etablert eit kvinnefengsel med 80 soningsplassar i Sunndal.

– Det er eit stort underskot på kvinnelege soningsplassar, og etter det vi har sett er det ingen andre som har kome med spesifikke planar for denne gruppa utanfor austlandsområdet, seier Refstie.

Jobba med ideen i tre år

Kommunen har jobba mot denne ideen dei tre siste åra.

– Vi har prøvd å hamre ut eit prosjekt som er spissa inn mot kvinner med framandkulturell bakgrunn, seier Refstie.

Ordføraren fortel at det er fleire grunner til at Sunndal ønsker å opprette eit fengsel i kommunen.

– Vi har den språklege kompetansen som trengst og eg meiner vi har mykje å bidra med inn imot kriminalomsorga, seier Refstie.

Jobbar langsiktig

Ordføraren fortel at ideen om eit kvinnefengsel i Sunndal oppstod som følgje av omstillingsarbeid i kommunen.

– Der såg vi på kva vi var gode på og kva vi kan få til saman med næringslivet, seier han.

Akkurat no er målet å bli nemnt i merknadane når Stortinget behandlar utviklingsplanen for kriminalomsorga. Refstie er innstilt på at arbeidet kan ta tid, men håpar at eit slikt fengsel kan vere på plass innan 10–15 år.

– Vi har sagt at dette er eit langsiktig arbeid og ser på det meir som eit maraton enn ein sprint, seier han.