Hopp til innhold

– Plattform på straum kan redusere utsleppa med 200.000 tonn CO₂ i året

Draugen-plattforma i Norskehavet kan bli driven på straum. Selskapet OKEA meiner dette er oppskrifta på korleis ein kan gjere norsk olje- og gassutvinning meir miljøvenleg. – Tøys, meiner Naturvernforbundet.

Draugen-plattformen

Den 26 år gamle oljeplattforma Draugen ligg utanfor Kristiansund i Møre og Romsdal. No vil selskapet OKEA gjere drifta av plattforma meir miljøvennleg.

Foto: Shell

Olje- og gassfeltet Draugen er blant dei største norske felta som har blitt funne og ligg utanfor Kristiansund i Møre og Romsdal. No vil operatørselskapet OKEA gjere produksjonen meir miljøvenleg ved å tilføre straum frå land.

Sjølv om den endelege avgjerda ligg fram i tid, føler selskapet seg så trygg på prosjektet at dei gjekk ut med nyheita torsdag morgon. Straumtilførselen vil erstatte dagens gassturbinar som står på Draugen.

– Dette er eit prosjekt på 2,1 milliardar kroner. Vi håper å kunne erstatte gassgeneratorane på Draugen med straum frå land innan 2024. Med det vil vi kunne redusere klimagassutsleppa med omtrent 200.000 tonn i året, seier Ola Borten Moe, direktør for forretningsutvikling i OKEA.

Vil ha ei større satsing

OKEA tok over Draugen-feltet frå Shell i fjor haust. Borten Moe utfordrar no statsministeren til å finne liknande løysingar for alle plattformene, slik at levetida kan forlengast, samtidig med at utsleppa blir reduserte.

Ola Borten Moe

Ola Borten Moe meiner at det trengst ei større satsing på ein miljøvennleg petroleumsindustri.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Vi bør tenke annleis på heile den norske kontinentalsokkelen, ikkje berre enkeltprosjekt eller plattformer. Akkurat som vi har bygd ut straumnettet vårt på land, burde nokon ta ansvar å gjere det same på sokkelen, seier Borten Moe.

Statsminister Erna Solberg er positiv til forslaget, men vektlegg at bedriftene må ta rekninga.

– Dette er eit innspel som vi kan jobbe vidare med. Vi ser ein bevegelse mot elektrifisering som gjer at det er viktig å undersøke dette. Men det er selskapa som må ta rekninga, seier ho.

– Tøys

Naturvernforbundet meiner at det er urealistisk å tru at verda kan nå klimamåla sine dersom ein held fram med å opne nye og hale ut gamle felt. Dei meiner at forslaget til OKEA ikkje vil føre til reelle klimakutt.

Maren Esmark

Maren Esmark, generalsekretær i Naturvernforbundet, meiner det er betre for miljøet å legge ned Draugen-plattforma enn å elektrifisere den.

Foto: Naturvernforbundet

– Det er tøys å hevde at dette vil føre til kutt i klimautslepp. Då er det betre å stenge ned heile feltet, enn å elektrifisere det, seier Maren Esmark, generalsekretær i Naturvernforbundet.

– Det er ei dårleg løysing å bruke fornybar straum på å tyne dei siste dropane ut av eit gammalt oljefelt. Utsleppa frå Draugen kjem i hovudsak frå når olja blir selt og brent. Så ei vidareføring av feltet vil føre til auka utslepp, held ho fram.

Også AUF har tidlegare vedtatt at dei ønskjer ei styrt avvikling av petroleumsindustrien innan 2035. Men Borten Moe meiner at det ikkje er løysinga.

– Det er ikkje realistisk å legge ned næringa. Det skuggar for diskusjonen og det som er viktigare, nemleg korleis vi kan blir betre og korleis vi kan halde fram med å produsere, samtidig som vi reduserer eller eliminerer utsleppa, seier han.