Vil drifte asylmottak i Sunndal

Selskapet Fredensborg 14 AS har levert tilbod til UDI om å drifte eit mottak for asylsøkjarar med potensielt trugande og valdeleg åtferd i Sunndal, skriv avisa Driva. Ordførar Ståle Refstie (Ap) stadfester overfor NRK at Fredensborg er det einast selskapet som hadde levert eit slikt tilbod i Sunndal då fristen gjekk ut i går. Selskapet vil samarbeide med to andre helse- og omsorgsleverandørar for å drifte mottaket. Får dei ja frå UDI, kan det bety 35 til 40 årsverk i Sunndal. Planen er å kome i gang kring midten av august.