NRK Meny
Normal

Vil doble godstrafikken

CargoLink vil doble tilbodet på godstrafikken på Raumabanen. Det er mange positive til.

Raumabanen CargoLink

Det statlege selskapet CargoLink dreiv tidlegare godstrafikken på Raumabanen. No er det privateigde CargoLink som har teke over (arkivfoto).

Foto: Leif Jonny Olestad

Karl Ivar Nilsen

Administrerande direktør i CargoLink har lagt ambisjonsnivået høgt. Tilbodet til godstrafikken på Raumabanen skal doblast i 2014.

Foto: Roar Strøm / NRK

CargoLink som er den største private godstransportøren på bane i Noreg, overtok på Raumabanen etter at det statlege selskapet CargoNet.

Administrerande direktør Karl Ivar Nilsen har ambisjonane klare.

– Ambisjonane for 2014 er at vi skal køyre ein kveldsavgang i begge retningar frå Åndalsnes og Oslo. Og i tillegg auke med eitt tog, slik at det vert to daglege avgangar, seier Nilsen.

Den administrerande direktøren seier at dette vil skje enten i juni eller desember.

– Det er viktig for oss å at vi får tilbake trua på bane. Det har vore nedleggingstrua lenge, seier Nilsen og legg til at det er viktig å køyre mykje tog for å få meir gods.

Glad for auke

Post Nord er ein av dei største kundane til godsbanen. Produksjonsansvarleg Fred Hagen er glad for at tilbodet skal auke.

– Med eit auka tilbod og ein auka frekvens vert det også meir gods. Ein auka frekvens er heilt avgjerande for framtida til Raumabanen, seier han.

Han meiner at effekten av eit større tilbod vil få positive ringverknader for heile Møre og Romsdal.

– Eg trur ikkje fylket har heilt forstått kor viktig jernbana har vore. Ho er avgjerande i forhold til konkurransen med andre regionar.

– Viktig for regionen

Lars Olav Hustad

Rauma-ordførar Lars Olav Hustad (H), har trua på CargoLink som ny godstransportør på Raumabanen.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Også Rauma-ordførar Lars Olav Hustad er letta over at CargoLink no vel å satse på Raumabanen.

– Det er viktig av mange grunnar. Det er viktig for regionen, ikkje berre Rauma. Det handlar om miljø, det handlar om trafikksikkerheit og det handlar om arbeidsplassar.

– Andre selskap har prøvd seg tidlegare, men måtte kaste inn handkledet. Kor optimistisk er du med tanke på CargoLink?

– Når eg høyrer på dei, så verkar dei veldig offensive. Dei er villige til å tenkje nytt og dei jobbar opp mot det politiske miljø for å få betre rammevilkår. Så ja, eg har trua på dei, avsluttar han.