– Vi satsar på å bli Noregs største oppdrettsanlegg, seier Roger Hofseth, dagleg leiar i World Heritage Salmon.
Ved innløpet til Sunnylvsfjorden, som vidare tek deg inn til Geirangerfjorden, finn du eit gamalt gruveanlegg dei no håper å bruke til lakseoppdrett.
Det er World Heritage Salmon som står bak satsinga. Planen er å utvide dei nedlagde gruvene som ligg i Røbbervika, og bygge oppdrettsanlegget inne i fjellet. Det vil også gi mange lokale arbeidsplassar.
– Det er heilt fantastisk for ein distriktskommune å få slike investeringar, seier ordførar i Fjord kommune, Eva Hove.
Men billig blir det ikkje. Kostnadane på det nye anlegget inne i fjellet kan komme på fleire milliardar kroner. Likevel er det billigare enn å bygge utanfjells, ifølgje Hofseth.
GRUVE: I desse gruvene har dei tidlegare henta ut mineralet olivin. No håper dei å få sprengt seg lengre inn i fjellet, slik dei får plass til eit oppdrettsanlegg.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRKDet er problem med lakselus som gjer at fleire aktørar no vel å flytte oppdrettsanlegget på land. Både i Hustadvika og i Aure i same fylke er det også planlagt landbaserte anlegg nær sjøen, som planlegg å produsere rundt 30 000 tonn laks i året.
Gründerane på Sunnmøre meiner det er gunstig å i tillegg bygge eit anlegg i fjellhallar, fordi det er beskytta mot ver og vind, og gir dei betre kontroll på temperaturen.
Satsar på ein berekraftig produksjon
ILLUSTRASJON: Anlegget i Røbbervika er planlagt å sjå slik ut. Dei vil sprenge ut ein del massar frå fjellet for å få plass til anlegget.
Foto: IllustrasjonsbildeDei planlegg også å ha eit eige reinseanlegg som tek for seg alt slammet. Det vil dei bruke til energi og protein som dei sel vidare.
– Vi skal bygge det reinaste oppdrettsanlegget verda har sett, seier Hofseth.
Roger Hofseth er frå før dagleg leiar ved Hofset International, som tek i mot laks frå andre område, slaktar og fileterer dei, før dei blir selt vidare.
– Med det nye anlegget får vi produsert fisken sjølv, så ta den vidare til eit lokalt slakteri. Då blir alt gjort i denne regionen. Det er miljømessige fordelar heile vegen, seier han.
AMBISJONAR: Roger Hofseth har store ambisjonar for det planlagde anlegget i Røbbervika.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRKMed det sparar dei pengar på fraktkostnadane, samstundes som dei reduserer utslepp frå dei som fraktar fisken.
Store lokale ringverknadar
Røbbervika ligg i Fjord kommune, som har om lag 2 500 innbyggjarar. Foreløpig ventar selskapet på å få konsesjon til å bygge. Ordføraren omtalar prosjektet som eventyrleg for den vesle kommunen,
– Dei snakkar om fleire hundre arbeidsplassar, det er nesten som eit eventyr, seier Eva Hove.
POSITIV: Ordføraren i Fjord kommune er veldig positiv til dei nye planane om eit landbasert oppdrettsanlegg.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRKHeller ikkje dei andre politikarane er skeptiske så langt, etter det Hove opplever.
– Så langt som eg har registrert, så er alle i kommunestyret positiv til desse planane, seier Hove.
Anlegget ligg ikkje langt ifrå den kjende turistmagneten Geirangerfjorden, og grensar til Geiranger-Herdalen landskapsvernområde. Nokre av gruvegangane strekker seg også under dette området, der er det knytt spesielle krav til kva som kan bli gjort av endringar.
NEDLAGT: Det blei starta gruvedrift i Røbbervika i 1982. Utvinninga blei stansa i 2012, og i 2018 blei gruva lagt ned.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRKDet er mange ulike aktørar som skal sjå på bygginga av anlegget for sine fagfelt. Også verdsarvrådet vil kome med si meining om prosjektet.
– Det er mange instansar som skal seie si meining, men eg håpar og trur dette vil sjå dagens lys, seier Hove.