NRK Meny
Normal

Ei seks meter høg laksesperre skal utrydde parasitt

Elva Driva var ei av landets beste lakseelvar, men er hardt råka av lakseparasitt. No går Miljøverndepartementet inn for å bygge ei laksesperre for å utrydde parasitten.

Fiskesperre

Sperra i Driva vil bli ei liknande som denne i Figgja i Steinkjer, men mykje større.

Laks angrepet av parasitten gyrodactylus salaris

Elva Driva er hardt råka av lakseparasitten Gyrodactylus salaris. No går Miljøverndepartementet inn for å bygge ei laksesperre i elva for å utrydde parasitten.

Foto: Gorm Kallestad, Kallestad, Gorm

I fleire år har ein diskutert korleis ein skal få bukt med lakseparasitten Gyrodactylus salaris i elva Driva. Elva renn gjennom Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal.

No seier Miljøverndepartementet ja til å bygge ei fiskesperre i elva og seinare behandle den kjemisk for å utrydde parasitten.

LES OGSÅ:

Hindrar laksen å kome forbi

Trond Haukebø

Trond Haukebø håper at dei skal få ei startbevilging for å kome i gong med arbeidet.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Det vil ta eit par år å bygge fiskesperra, som er 100 meter brei og seks meter høg. Denne konstruksjonen skal etter planen byggast ved Snøvassfossan

Fiskesperra skal stå der i mellom fem og sju år, for å hindre at laksen passerer. Når laksen ikkje går opp i elva, vil etter kvart lakseungane som er ovanfor sperra forsvinne. Det vil også parasitten, som er heilt avhengig av laksen for å overleve.

– På den måten får vi redusert smitteområde til berre nedre del av elva. Det er ein stor gevinst, seier Trond Haukebø i Miljøvernavdelinga til Fylkesmannen.

Kjemisk behandling

Etterpå vil den nedste del av elva og tre andre vassdrag bli behandla kjemisk. Det vil gå føre seg i to år. Etter ytterlegare 6–7 år vil ein forsiktig starte med å sette tilbake original fisk. Dermed kan det ta 10 år før elva er friskmeldt. Fiskarane treng likevel ikkje bekymre seg.

– Vi har ikkje tenkt å hindre fiske av laks og sjøaure i nokon av elvane i denne perioden, men det vert sett nokre krav, seier Haukebø.

Har ikkje fått pengar

Prislappen er på mellom 50 og 60 millionar kroner. Det er ikkje løyvd pengar til prosjektet, men statssekretær Ellen Øseth frå Miljøverndepartementet sa i eit møte i går at Driva er høgt prioritert.

– Eg har eit håp om at vi får ei startbevilging, slik at vi kan kome i gong med nokre tiltak, seier Haukebø.