NRK Meny
Normal

Vil bygge i verna vassdrag

Rauma Elveeierlag reagerer sterkt på at Romsdalen Pumpekraftverk vil bygge kraftverk i det verna vassdraget Rauma/Ulvåa.

Vidar Skiri
Foto: Øystein Windstad

Raumavassdraget blei varig verna i 1993.

I 2006 blei Reinheimen nasjonalpark og Romsdalen landskapsvernområde oppretta.

Leiar i elveeigarlaget, Vidar Skiri, meiner planane er heilt urealistiske og bør skrinleggast.

- Etter 20 år med diskusjon om vern og kraftutbygging landa saka på vern. Slik står saka i dag, og då meiner vi det ikkje er meir å diskutere, seier Skiri.

Har sendt brev til NVE

Fremmerbrøste Sameielag er eit grunneigarlag i Rauma kommune. Dei har blitt kontakta av Romsdalen Pumpekraftverk som ynskjer ei femårskontrakt for å sikre seg at grunneigarane ikkje inngår andre avtalar om utnytting av fallrettigheitene i elva.

Grunneigarlaget har no sendt brev til Norges vassdrags- og energidirektorat der dei ber om at planane må bli stansa.Trygve Leren i Sameielaget vil ikkje uttale seg, han seier at brevet talar for seg.

Vidar Skiri og Rauma Elveeierlag har også sendt brev. Dei ber Miljøverndepartementet og Olje- og energidepartementet om å gripe inn i prosessen.

- Vi har berre mint dei på vernestatusen og bedt departementa om å påpeike og framheve vernet.

- Vi er veldig overraska over at ikkje alle har fått med seg vernestatusen. Sjølv om det er kraftkrise er det ingen grunn til å angripe verneplanen. Nok er nok, seier Skiri.