NRK Meny
Normal

Vil bruke båter i opplag til å rydde plast

Langs heile kysten ligg offshorefartøy utan oppdrag. No ynskjer eit nyetablert selskap å bruke nettopp slike båtar for å samle inn plast og miljøavfall i sjøen.

Havila Subsea 7

Eit nystarta selskap vil bruke offshoreskip i opplag til å rydde plast frå havet.

Foto: Frode Berg / NRK

Mange reagerte då det vart funne 30 plastposar og store mengder småplast i magen på ein sjeldan kval utanfor Bergen. Ifylgje FNs miljøprogram hamnar det 8 millionar tonn med plast i hava kvart år. Frode Haugen i Vanylven er bekymra over utviklinga og har saman med to andre grundarar starta eit selskap for å løyse problemet her til lands. Dei samarbeider med Runde Miljøsenteret og reiarlaget Havila.

– Vi ser moglegheita for å bruke offshorebåtar i opplag for å rydde effektivt og utan store kostnader, seier Haugen.

Dei store båtane kjem seg sjølvsagt ikkje inn i grunne farvatn for å rydde, men det skal mindre båtar ta seg av. Oppryddinga skal føregå både med mekaniske reiskapar og manuelt. Planen er å bygge om fartøya slik at dei er riktig utstyrt.

Frode Haugen

Frode Haugen har lang erfaring både frå offshorebransjen og fiskeri. Han har sjølv erfart kor stort plastproblemet i havet er.

Foto: privat

Treng pengar

Selskapet til Haugen, Clean Coast, er avhengige av at styresmaktene bidrar økonomisk inn i prosjektet og at dei får sponsorar. I løpet av dei næraste dagane skal dei i ulike møter, der dei forhåpentlegvis får nokre svar.

– Når det gjeld miljøspørsmål er ingen ide for dum. Det viktigaste er å sette i gang oppryddinga, sidan problemet berre aukar i omfang, seier Haugen.

Er det realistisk å tru at norske styresmakter vil støtte dykkar prosjekt?

– Vi har lagt fram ideen, som vi håper det offentlege kan vere med på, seier Haugen.

LES OGSÅ:

Alle monnar drar

Komm. dir. Richardsen, Per Wiggo i DNV GL

Per Wiggo Richardsen er kommunikasjonssjef i DNV GL.

På verdsbasis vert det jobba mykje med problematikken. Blant anna har nederlandske Boyan Slat utvikla eit konsept med flytande barrierar som skal samle opp mykje av plasten gjennom å utnytte dei naturlege hav og vindstraumane.

Per Wiggo Richardsen er kommunikasjonsdirektør i Det Norske Veritas (DNV GL). Dei har erfaring med blant anna ekspertrådgiving innan maritim sektor. Selskapet meiner ideen til sunnmøringane er god.

– Alle monnar drar. Alt som bidrar til at det vert fjerna plast i sjøen er bra, seier Richardsen.

Han meiner det er ein god ide å starte i det små og heller utvikle det større etter kvart. Han understrekar at problemet med plast i havet er enormt. Slik han ser det er det aller viktigaste framover å få slutt på forsøplinga, deretter utvikle metodar for å samle inn det som allereie er i sjøen.