Hopp til innhold

Vil behalde gass frå Aasta Hansteen-feltet i Møre og Romsdal

Fredag vedtok Stortinget å føre gassen frå Aasta Hansteen-feltet i røyrleidningen Polarled til Nyhamna. Fleire tek no til orde for at delar av gassen må brukast lokalt.

Fredag vedtok Stortinget å føre gassen frå Aasta Hansteen-feltet i røyrleidningen Polarled til Nyhamna.

Fv.: Torgeir Dahl (H), Olje- og energiminister Ola Borten Moe (Sp), stortingsrepresentant og medlem i næringskommiteen Else May Botten (Ap), Aukra-ordførar Bernhard Riksfjord (Ap) og dagleg leiar i Gassknutepunkt Nyhamna Alf Reistad.

I det prosjektet som er vedteke, skal gassen nyttast på same måte som ein gjer på Nyhamna i dag. Gassen kjem frå feltet, blir behandla på anlegget, og blir så send vidare til England.

Les:

Under debatten kom det imidlertid fram at fleire ønskjer å bruke meir gass i regionen.

– Eg prøvde å få med dei raudgrøne på at dette måtte inn i vedtaket alt no. Men det blei ikkje fleirtal for det. Lokal bruk ligg derimot inne i kommentarane til vedtaket, så dette skal det arbeidast knallhardt med framover, seier Torgeir Dahl (H).

Vil bruke gassen lokalt

Den lokale bruken av gassen blir ei av dei prioriterte oppgåvene også for organisasjonen Gassknutepunkt Nyhamna.

I framtida kan det også bli aktuelt med gasskraftverk i Fræna. Prisnivået på gass gjer likevel at det ikkje er særleg aktuelt.

Les også:

Aukra-ordførar Bernhard Riksfjord heldt gledestale etter Aasta Hansteen-debatt.

Aukra-ordførar Bernhard Riksfjord (Ap) har venta på Aasta Hansteen-utbygginga i mange år, i dag kunne han sleppe jubelen laus og heldt gledestale

Alf Reistad, dagleg leiar i Gassknutepunkt Nyhamna, trur likevel det kan bli anna industriell utnytting av gassen.

– Det som ligg fremst i løypa er ein LNG-fabrikk. Det er i høgste grad aktuelt å få til, seier han.

Skaper mange arbeidsplassar

I dag fokuserte han imidlertid mest på ringverknadene dagens vedtak vil få. Det blir stor byggeverksemd, og mange arbeidsplassar i anleggsperioden.

– No står entreprenørane klare, og det er viktig for alle å kjenne si besøkjelsestid og vere med på det store som no skjer, seier han.

Riksfjord på galleriet

Aukra-ordførar Bernhard Riksfjord (Ap) følgde spent med frå galleriet i Stortinget.

Foto: Alf-Jørgen H. Tyssing / NRK


Perspektivet kring utbygginga på Nyhamna er vidt. Polarled har nemleg overkapasitet, og det betyr at det ligg godt til rette for å knyte fleire felt til leidningen.

- Her kan vi tenkje oss mange felt oppe i nord, gjerne eit stykke inn i Barentshavet.

– Men dette er no eit nordnorsk prosjekt. Er det greitt at vi søringane "karrar til oss" gassen?

- Det er heilt klart at Aasta Hansteen er eit prosjekt som gjev store ringverknader i Nord-Noreg. Basefunksjonane for desse felta ligg i nord, og skaper mange arbeidsplassar her. I tillegg gjev ilandføringa mange arbeidsplassar og store ringverknader her i vår region, seier Alf Reistad.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL