Hopp til innhold

Vil bombe Todalen-raset trygt

Éi veke etter at raset i Todalen gjekk, skal rasstaden tryggast på sikrast og mest effektiv måte mogleg, seier Vegvesenet. Heile rasområdet skal no vassbombast.

Skogbrann i Israel

Helikopter eller fly, med vassbomber eller vatn om bord, blir oftast brukt under skogbrannar.

Foto: AMIR COHEN / Reuters

– Vi ser at dette er langt meir effektivt enn å berre sende fjellsikringsteamet inn for å sikre raset manuelt, fortel avdelingsdirektør Knut Nauste i Statens vegvesen.

Det var sist onsdag at eit 50 meter breidt stein- og jordras gjekk i Todalen . 350 menneske blei isolerte, og berre båt hindrar full isolasjon frå omverda .

Ole Jan Tønnesen

Ole Jan Tønnesen og Vegvesenet meiner vassbombing er løysinga etter skredet i Todalen.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

3000 liter per bombe

No går altså Vegvesenet drastisk til verks for å rydde veg inn til Todalen. Onsdag skal rasområdet vassbombast gjentekne gonger.

– Det var møte mellom entreprenør, Statens vegvesen og geologar måndag, og vassbombe blei løysinga. Vi vil bruke større vassmengder for å reinske opp, seier Ole Jan Tønnesen i Vegvesenet.

Jobben for hand ville blitt svært tidkrevjande, og no vil ein inn med eit stort helikopter.

– Det vil ta 3000 liter vatn, fortel Tønnesen til NRK.

Saka held fram under bildet.

Helikopter som vannbomber i Sunndal

Etter eit ras i 2008 i Sunndal blei rasstaden vassbomba i etterkant.

Foto: Jan Erik Vangen
Knut Nauste

Knut Nauste åtvarar folk mot å nærme seg rasstaden onsdag.

Foto: Fjord1

– Lause steinblokker

Avdelingsdirektør Nauste opplyser at vassbombinga byrjar onsdag ettermiddag. Same metode blei brukt på Oppdølsstranda i Sunndal i 2008 .

Hensikta med vassbomber er å skylje vekk stein og masse som kan utgjere ein risiko for dei som skal byggje opp att vegen i etterkant. Fjellsikringsteam går inn etter vassbombinga.

– Då for å fjerne eller sikre det som måtte vere igjen av stein som kan utgjere ein risiko, seier Nauste.

Når vassbombinga skjer er det svært sannsynleg at stein vil treffe høgspentleidningen som går over rasstaden. Innbyggjarane i Todalen må difor vere budde på å miste straumen onsdag.

– Vi må også åtvare på det sterkaste om å nærme seg rasområdet medan arbeidet går føre seg. Lause steinblokker som losnar frå fjellsida kan ende opp fleire hundre meter frå rasområdet.

Ifølgje Nauste er det usikkert kor lang tid det vil ta å rydde og lage køyrbar veg forbi raset.

– Det veit vi ikkje før området er sikra og vi kan sende folk til å rydde bort lausmassen som ligg i vegbanen. Vi ser allereie no at det må sprengjast ut ei kile som vegen skal gå på, for det er glatte svaberg på delar av strekninga.

Raset i Todal fra sjøen

Raset i Todalen øydela den einaste vegen inn i bygda.

Foto: Eirik Haukenes
Folket i Todalen i Surnadal er ikkje lenger isolerte. I dag kunne dei første bilane kome seg ut og inn av bygda, som har vore utan veg sidan onsdag.