Hopp til innhold

Vil bli meir involvert

Norske kvinners sanitetsforeining i Møre og Romsdal ynskjer å bli enda meir involvert i beredskapen i kommunane og i fylket. Det seier fylkesleiar Elinor Bolme. Sanitetskvinnene stiller med blant anna mat og husly i ein beredskapssituasjon, og vil at kommunane skal bli flinkare til å invitere dei med på beredskapsøvingar. Dei vil også ha ein representant for omsorgsberedskapsgruppa si inn i fylkesberedskapsrådet. Fylkesberedskapssjef, Stine Sætre, seier at dei per no har representantar i rådet, som dekker dei frivillige organisasjonane i fylket godt nok. Men det betyr ikkje at sanitetskvinnene ikkje kan få ein representant i framtida.

Elinor Bolme, fylkesleiar sanitetskvinnene
Foto: Pressebilde