Hopp til innhold

No skal vi bli verdas beste på snøskredvarsling

– På sikt håper vi å lage verdas beste nasjonale skredvarslingssystem, seier Solveig Kosberg i NVE. Denne vinteren innleiar dei eit pilotprosjekt i samarbeid med Møre og Romsdal fylkeskommune.

Solveig Kosberg

Solveig Kosberg i NVE sjekkar her for snøskredfare. Slike sjekkar og observasjonar i blir det fleire av i Møre og Romsdal. Forhåpentlegvis blir det fleire på landsbasis òg.

Foto: Lars Jones

– Det vi veit er at kvaliteten på snøskredvarsling i stor grad er avhengig av flinke folk ute i fjella. Folk som er ute og sjekkar snøforhold og stabilitet.

Det seier Solveig Kosberg, skredvarslar i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), til NRK.no.

Solveig Kosberg

Skredvarslar Solveig Kosberg i NVE, vil at Noreg skal få verdas beste skredvarslingssystem.

Foto: Terje Aamodt

– Meir treffsikkert

Denne vinteren skal NVE utvikle verdas beste skredvarslingssystem.

Møre og Romsdal fylkeskommune går inn med pengar over ein treårsperiode, og blir med det pilotfylke innan avansert snøskredovervaking- og varsling.

– NVE har fått ansvar for skredvarsling, og vi har hatt to testsesongar. Vi har fått klarsignal på å køyre operativ varsling frå januar 2013, fortel Kosberg.

Samarbeidet med fylkeskommunen, og nokre kommunar i Møre og Romsdal, er med på å betale for fleire kvalitetsobservasjonar.

– På den måten får varselet NVE uansett lagar endå meir informasjon. Det blir meir treffsikkert.

Saka held fram under bildet.

Snøskred i Sunndal

Snøskred som dette håper NVE ikkje vil skade verken folk, bilar eller hus. Betre varsling er måte å gjere det på.

Foto: Øyvind Johan Heggstad

Håper fleire fylke melder seg

Pilotprosjektet i Møre og Romsdal vil gjere at observatørane blir oftare ute. Håpet no er at fleire fylke melder seg.

– Vi har varsling i heile landet, men pilotprosjektet går ut på ekstra observasjonar gjennom veka.

– Nøyaktigheita blir dermed større i Møre og Romsdal enn i resten av landet. Vi testar prosjektet her, og så håper vi fleire fylke melder seg for liknande samarbeid, seier Kosberg i NVE.

Målet med prosjektet er enkelt.

– Målet er heilt klart meir tryggleik og å unngå dødsfall som følgje av snøskred.

Det gagnar folk som er på tur, på ski eller på andre måtar.

– Men det gagnar også veg, jernbane og hus. Alle målgruppene skal få betre tryggleik på grunn av prosjektet, seier Kosberg.

Ottar Brage Guttelvik

Ottar Brage Guttelvik, fylkesrådmann i Møre og Romsdal, er svært positiv til pilotprosjektet.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Viktig å legge til rette

Møre og Romsdal fylkeskommune går inn med til saman 775.000 kroner til prosjektet. Det vil sikre utdanna skredobservatørar.

Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik er svært positiv til prosjektet.

– Møre og Romsdal med sin varierte natur er eit kjerneområde for friluftsliv året rundt.

– Då er det viktig at vi legg til rette for bruken ved å ta i bruk kunnskap og teknologi som tryggjar ferdsla, seier Guttelvik.

I Møre og Romsdal er det tre varslingsområde: Sunndalen og Trollheimen, Romsdalen og Eresfjord, og Sunnmøre. Det er desse områda som får styrka varsling i prosjektet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL