Hopp til innhold

Vil blåse godt torsdag

Politiet har så langt ikkje fått inn meldingar om hendingar som følgje av den kraftige vinden i natt. I dag er det meldt sørvest liten storm i Møre og Romsdal. Det kan også bli periodar med full storm på kysten og lokalt kraftige vindkast. Elles melder Meteorologisk institutt om regnbyer og haglbyer, sbøbyer over 500-600 meter. Det er også utrygt for torevêr først på dagen. I kveld er det meldt sørvest stiv og periodevis sterk kuling.