Hopp til innhold

Vil bidra med 204 millionar til operahus

Eit fleirtal i fylkesutvalet stemte tysdag for nytt opera- og kulturhus i Kristiansund.

Nye operahus

Eit nytt opera- og kulturhus vil koste om lag 760 millionar kroner. Tysdag stemte eit fleirtal i fylkesutvalet for å bidra med 206 millionar kroner.

Foto: Illustrasjon C.F. Møller

Alle meinte at Kristiansund no stod for tur og at det var behov for nytt kulturbygg, men fleire meinte at prislappen blir for høg. Det enda med eit ja-fleirtal med åtte mot fem stemmer. Pengane vil bli fordelt på eit enkelttilskot på 204 millionar kroner og eit årleg bidrag i driftstilskot på nær 14 millionar i 30 år framover.

Eitt steg vidare

Det får kristiansundsordførar Per Kristian Øyen til å juble.

–Eg trur vi no også får vi eit endå større fleirtal for opera- og kultur hus i fylkestinget. Eg føler meg veldig trygg på det etter behandlinga i dag, seier han.

– Kva skjer vidare dersom fylkestinget seier klart ja til nytt opera- og kulturhus?

– Vi har sendt inn ein søknad til kulturdepartementet og eit ja vil styrke den søknaden og gjere han meir reell, seier han.

Artikkelen held fram etter bildet.

Per Kristian Øyen og Line Rønning Andresen

Per Kristian Øyen og Line Rønning Andersen smilte breitt då fleirtalet for operahus i Kristiansund var eit faktum i fylkesutvalet tysdag.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– På høg tid for Kristiansund

Også operasjef Line Rønning Andresen kunne juble etter fylkesutvalsmøtet.

– For operaen i Kristiansund er eit fleirtal i fylkesutvalet heilt nødvendig for å få det bygd, seier operasjefen.

– Det er dessutan flott at fylket er med på følgje opp dei planane dei har om å bygge sterke regionssentera. Molde har fått Plassen og Ålesund har fått Kulturkvartalet, så no er det på høg tid at det same skjer i Kristiansund, legg ho til.

– Trur du Fylkeskommunen vil vere med på å drifte eit kostbart bygg?

– Som eigar er fylkeskommunen ein viktig støttespelar til ein av dei store regionale fyrtårna som operaen er, så eg er trygg på at dei vil støtte oss vidare,.

– Manglar konsekvensanalyse

Frp og KrF var sterkt kritiske til at administrasjonen ikkje har greia ut for økonomiske konsekvensar for fylkeskommunen.

– For det første er vi vande til som politikarar å få løypemeldingar undervegs når eit prosjekt får ein så stor prislapp som dette. Det har vi fått på Nordøyvegen, det har vi fått på skulestrukturen i Ålesund, men det har vi ikkje fått her. Når vi får deisa ei sak i fanget med ein prislapp på 760 millionar kroner, så meiner eg at det er grunn til å kritisere, seier Steinar Reiten frå KrF.

KrF stemte likevel for operahuset saman med Ap, Sp og Venstre. Høgre var delt - Torgeir Dahl og Anne Dyb Liaaen stemte mot, medan Toril Røsand sa ja. Også Tverrpolitisk var delt - Torleiv Rogne sa ja medan Randi Asbjørnsen gjekk mot.

Framstegspartiet sine to seier klart nei til å bidra til nytt opera- og kulturhus i Kristiansund av omsyn til dei økonomiske konsekvensane.

– Inga grunn til utgreiing

Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik svarar på kritikken med at operahussaka er greia ut som eit heilt vanleg prosjekt.

– Det er ikkje vanleg at vi konsekvensanalyserer eitkvart prosjekt. Verken når det gjeld skuleutbygging eller andre investeringar på kulturområdet. Så dette er heilt vanleg praksis, seier fylkesrådmannen.

– Men har vi råd til det?

– Ja, vårt forslag er at vi har det. Årsaka er også at vi har bygd institusjonar både på Sunnmøre og i Romsdal, og no er det Nordmøre sin tur å få infrastruktur på kulturområdet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL