Vil betre rekrutteringa

Administrasjonsleiar hos fylkestannlegen i Møre og Romsdal, Morten Larsen, håpar at ei omorganisering av tannhelsetilbodet i fylket vil løyse nokre av utfordringane. 12-åringane i Møre og Romsdal har dårlegare tannhelse enn landssnittet og 18-åringane har fleire hol enn elles i landet. No blir det foreslått færre og større tannklinikkar for å betre rekrutteringa.